Sansebruk og skildring                                          Tilbake
9.klasse har i veke 35 arbeidd med sansebruk og skildring i samband med forteljesjangeren. Her kan du lese smakebitar av kva dei såg og høyrde, kva for kjensler som dukka opp under arbeidet og kva nasen og munnen blei brukt til.

Søvn.

Tankegangen stoppar opp.

Trøyttheita tek tak

i augelokka mine

og dreg dei ned.

Svart.

Lyden er alt eg har att-

snart forsvinn han.

Då søv eg.

Mats R.


Eg sit her og ser og høyrer mange folk som pratar. Dei pratar ganske høgt- til trass for at vi er i eit klasserom. Snart skal eg kjenne den gode smaken av maten min som ligg i ranselen. No kjenner eg at det er best at klokka ringjer snart. Eg byrjar å verte rastlaus her eg sit og skriv….

Vegard R.


Ute i naturen kjenner eg lukta av morgondoggen. Ein søt nektarduft som vekkjer meg opp an nattesøvnen.

Jorun K.


Ein krokete olding går og traskar. Han har kjøpt seg ein Kvikk-Lunsj og ein Mjølkesjokolade. Han traskar avgarde og nyter dei nyinnkjøpte sjokoladane.

Kristin R.


Dikt med alle sansar.

Dei vare og mjuke tonane frå Mats sin gitar

smyg seg varsamt inn i høgre øyregang

som sommarfuglar på ei blomeeng…..

For noko vås…. eigentleg.

Eg ser dei stygge skulebygga

og dei majestetiske Hjørundfjordfjella…

Ganske stor kontrast…. eigentleg.

Åh, i denne stund kjenner eg eit sug

av lengsle og hunger.

Åtte minutt til det er matpause..

Ganske lenge….eigentleg.

Jentene fniser og flørtar.

Eg kom ut av det.

Det var Kari og Åse sin feil…

Ganske dumt…eigentleg.

Fire minutt igjen…..

Ganske……

Nei, eg gidd ikkje meir…. eigentleg.

Henning S.


Brått høyrde eg ei mild og god prusting, og eg kjente ei søt, honningliknande lukt. Eg snudde meg og såg ei nydeleg raudrun varmblodshoppe. Ho skein som ein smaragd i den varme sola. Det kjentes nett som ein draum.

Eg reiste meg for å klappe hoppa, men plutseleg letta ei kråke frå ei stor grøn bjørk. Hoppa kvapp til, steila og slo om i ein rund og perfekt galopp. Etter ei stund var ho berre som ein glinsande liten prikk langt vekk ein stad.

Mariann Ø.


Fjella stig opp frå sjøen. Dei er høge, bratte og mørke.

Kay Are U.


Kulda strekte seg frå topp til tå. Det kjentes som om eg datt i eit hav av nervøsitet og angst.

Måsen skreik så høgt at øyra mest ville gøyme seg.

Eg kjente hungeren rumle i magen akkurat som ein amerikanar som gassar opp.

Silje S.


Det låg daude skrottar så langt auge kunne sjå. Gribbane hadde allereie byrja å ete på dei daude mamelukkane som nettopp hadde falle i strid.

Det var stille, usedvanleg stille, berre av og til kunne ein høyre dei tunge vingeslaga idet gribbane kom for å ete av dei daude soldatane……..

Eg hadde berre nokre få dråpar vatn igjen på flaska, halsen var full av sand. Det kjentes herleg då dei få dråpane for nedetter strupen og ned i magen…..

Aleksander R. O.