|
Tusenår
Eit nytt tusenår har
kome.
Natta er skyfri og klar.
Nyttårsstemninga har festa seg
i den mørke og kalde lufta.
Frostrøyken
speglar seg i vassflata.
Men no er det eit nytt
Millenium.
Den runde månen
sender sine fyrste spinkle lys
i dette årtusen.
Frosten
har sett seg i dei små
barnehender.
Dei glitrande stjerneskota
skin frå kvart eit barn.
Jubel og hyl
trengjer gjennom den mørke natta.
Det er eit nytt år.
Men i dag
er all sorg gløymd.
I dag er det glede.
Måneskinet
ligg som eit slør
over gata.
Dei store rekkjehusa
fyller seg opp,
sug til seg menneska
som ein magnet.
Nok eit år er forbi.
Men i dag
er all sorg gløymd.
I dag er det glede.
Natta er snart over.
Gatene er tomme.
Berre nokre få
er der ute,
gøymde og forlatne.
Det er dei som går inn
i år 2000
utan ein heim.
Men i dag
er all sorg gløymd.
I dag er det glede.
Byar er aude
som ei slagmark.
Krigens herjingar
har kravd sine offer.
Men kanskje vil dette tusenåret
forandre slagmarker
til plassar med song og latter-
kanskje vil diplomati råde.
Men i dag
er all sorg gløymd.
I dag er det glede.
Kva vil det nye,
tusenåret bringe?
Fred og lukke?
Krig og liding?
Kanskje vil mennesket
få eit tusenår
der pengar
ikkje er eit synonym for lukke?
Men i dag
er all sorg gløymd.
I dag er det glede.
Nok eit tusenår er
forbi.
Og kven hadde trudd,
at menneska skulle klare det?
Jorda har nok ikkje,
blitt ein betre,
plass å bu.
Sjølv om me gjerne,
ynskjer å tru det.
Krigar herjar,
som aldri før.
Men det er bra nok for meg.
|