Tankar ved eit tusenårsskifte                               Tilbake

Slik det nye tusenåret kunne ha blitt.
Science-fiction forteljing av Delane Michelle H
ill


Teikning -  Lene Aklestad

                            I
Det byrja då eit nytt tusenår nærma seg og IT-alderen var på hell, knapt 40 år etter sin fødsel. Data-krisa fekk namnet Y2K. På alle større TV-program spurde folk seg: "Vil datamaskinene registrere det nye året: 2000?- Og korleis ville det så vere å leve på jorda om noko skulle slå feil?"

Ingen hadde venta ei så stor katastrofe. Kanskje straumbrot og ymse feil på maskinar, men ikkje den krigen som dei fekk.

Sjølv om der var fleire avtalar mellom dei to største atommaktene, USA og Russland,og utveksling av vitenskaps menn, så byrja likevel den menneskelaga dommedagen den 1.1. år 2000.Planlagt var det nok ikkje. Men då den første raketten kom mot USA og blåste New York til Helvete, var det ikkje lenger eit lite data problem.....

II

Det var i år 403 etter atom-krigen. Forteljingar om den fryktelege natta for over 400 år sidan vart framleis fortalde rundt leirbålet om kvelden. Ingen visste lenger kven eller kva som forårsaka ulykka. Eller...der var sikkert nokon som visste, men i så fall var dei gøymd i ein fruktbare og ikkje radioaktiv dal som var rundt omkring på den tredje planeten frå sola, planeten ved namn Tellus. Den bar ikkje det namnet no, mykje av den lærdommen og meiningane som var for berre nokre få hundreår sidan, var no borte. Den kunnskapen som menneske hadde skrive ned, forsvann i dei store brannane som følgde etter regnet som dei vakre og fatale "soppane" spydde ut. Dei skrøpelege menneska som kalla seg herre over Tellus visste ikkje sjølv kva farlege og dødbringande stoff dei pusta inn kvart sekund av deira korte liv.

Få av dei mange skjebnene til menneska var gode. Berre nokre kom nær lukka.... Ei av dei få var Jetamio. Kanskje ville det ikkje vere definisjonen på lukke i 1999, men no var det nærmast eit under at to menneske kunne oppnå ei viss glede saman.

III

Det var ein dag på seinvåren. Knoppane på bjørketrea hadde sprunge ut og der var eit smil om munnen til Jetamio. Ho var ute på jakt og håpte å kunne kome heim med eit godt stykke kjøt. Plutseleg snudde Jetamio på hovudet, ho høyrde lydar frå andre menneske. Det var ikkje så ofte det hende og ho blei nyfiken. Sakte sneik ho seg ut av treklynga og huka seg ned medan ho gjekk opp den slakke skråninga.

Synet som møtte henne, reiv raskt av smilet hennar. Handlingane, som hende nede på marka, var fryktelege, men ho visste at der var ingenting ho kunne gjere. Berre sitte der, sjå på og hate seg sjølv for å vere så.... Ho visste ikkje kva ho skulle kalle seg sjølv. Mindre vert enn ein meitemark.

Det er fornufta som held Jetamio tilbake når ho ser tre store menn og ei ung jente. Mennene skubbar jentungen brutalt rundt i ein trekant. Ho lyftar armane som for å verne seg. Men det hjelp lite når dei byrjar å slå, ho sig saman og gråten får kroppen til å rykke. Overgriparane slenger jenta, som hadde låge krølla saman i ein bunt, over på magen og ein etter ein tok dei ho. Smerteskrika som dei pressa ut or henne når Jetamio, som vender seg bort og held hendene over øyra, medan tårene trillar ned kinnet og blir sugd opp av tunikaen hennar. Ho vil springe, springe langt der ifrå, men beina lystrar ikkje. Ho satt der berre, vugga seg att og fram. Held pusten og håpar mennene ikkje ville høyre hiksta hennar som ho prøver å kvele ved å press munnen mot knea.

Jenta prøver å trekke seg unna, men graset, som ho dreg desperat i, slitnar. Mennene ler, moroar seg over hennar mislykka forsøk på å riste av seg den tunge mannen.

Ei god stund seinare låg den unge jenta, framleis gråtande, på den morgon fuktige bakken. Jetamio våga seg endeleg ned. Ho måtte streve for å ikkje utløyse skred då ho klatra ned røysa, kryssa elva og bøygde seg ned ved den magre skikkelsen som låg der. Jenta kunne ikkje vere meir enn 12-13. Ho hadde svimt av, likså greitt, tykte Jetamio. Slapp då å uroe seg for slag av eit barn som ikkje ynskte meir. Jetamio slengte dei slappe armane rundt halsen sin og lyfta ungen opp og byrja på vegen heim.

Heimen til Jetamio var eit enkelt skur som ho hadde bygd året før. Det hadde så vidt overlevd vinteren og sto no på skakke. Etter at ho hadde lagt jenta ned på sengeleie, studerte Jetamio henne. Alminneleg brunt hår som var pistrete i endane, kroppen var moden men ganske spinkel.

Jentungen byrja å røyre på seg, laga ei grimasje før ho opna auga og såg inn i det villt framande, mørke ansiktet som stirde på henne, svakt smilande. Vatnet kokte og Jetamio vende blikket vekk frå jenta og tømte innhaldet i den rustne panna opp i to koppar som begge hadde opprivne, tørka bladbitar i seg. Einaste lyden som var å høyre var fuglesongen, men den virka langt borte for dei begge. Den bleike jenta tok imot koppen med eit vaktsamt blikk og drakk ikkje før Jetamio hadde teke den fyrste slurken. "Kva heiter du?" spurde Jetamio med ei roleg og vennleg stemme, men utan å få svar. "Vel, kan eg kalle deg Aria? Det er då eit fint namn...Mor mi heitte det." Framleis kom det ikkje noko svar frå Aria.

Te-en med det angst dempande middelet fekk Aria til å sovne igjen, men denne gongen ein roleg søvn. Jetamio tok det no lonka vatnet og vaska jenta. Kjende ein varme straume utover i kroppen hennar. Ho kunne ikkje la vere å smile, det var så deileg å vere med eit anna menneske igjen. Berre kunne sitte ved sida av Aria å vaske henne.

Jetamio følte ei moderleg omsorg for barnet som låg i senga hennar. Og ho ville nødig forlate ho der i hytta, heilt aleine, sovande, roa av det narkotiske middelet i teen som Aria hadde fått tidlegare. Men grunnen til at Jetamio hadde gått ut den dagen var kjøt-mangel, og den var der framleis. Dessutan ville ferske grønnsaker vere deileg.

Midt ute i den mørke skogen, under eit dekke av grøne grantre, røyrer Jetamio seg med seige røysler. Ho fylgjer etter eit ferskt tråkk. Dyret er halt, for fleire generasjonar sidan hadde stammora til den unge hjorten sett ei glødande kule lande, fylgt av det giftige stoffet. Skadane av den fatale dagen var framleis å sjå i det meste. Men mat er mat, og Jetamio treng føde lik alle andre. Men alt i alt var Jetamio heldig i sitt val av bustad. Nok av føde, liten radioaktivitet, sjølv om ingen tenkte på den lenger.

Den vislande lyden av pila som fer av stad får hjorten til å lyfte hovudet men for seint. Pila dirrar i buken på dyret, ikkje eit perfekt skot. Jetamio hadde sikta på nakken, men skuddet gjor likevel jobben; hjorten ligg død på bakken.

Bålet var nesten brent ned når Jetamio kom heim. Aria var vaken, men hadde ikkje rørt seg, for sleten av dagen sine strabasar. "Hei," igjen var det berre Jetamios røyst som høyrdast, men smila dei sendte kvarandre sa meir enn ord.

IV

Vinteren var på sitt verste. Skuret var alt blitt skakt, sjølv om Jetamio og Aria hadde bygt hytta solid og sterk. "Vi må finne ein annan stad å sette opp hytta til neste år. Vinden tek for hardt her." Jetamio var den einaste som snakka, Aria hadde ikkje sagt eit ord sidan den dagen på seinvåren. Ord var egentleg ikkje naudsynte her. Aria hadde ein måte å uttrykje seg på utan ord. Ho verka alltid glad, men auga var triste, og gjor det vakre ansiktet sorgmodig. Ein gong for lenge, lenge sidan var det til ei kvar tid eit smil på Arias munn. Smilet var der framleis, men det nådde sjeldan auga hennar.

Sola var endeleg komen att. Ho var ikkje lenge vekke, men Jetamio savna sola likevel. Det var så trist i dalen utan henne. Nett no skin ho gjennom vindauge, strålande frå aust. Daggry. Ei herleg tid, ein ny dag, likevel så gamal og vis, visdom som ein får i løpet av ein dag...
Vil menneska nokon gong lære?

ETTERORD

Det er ein tankevekkar at Russland no, januar 2000, har gjort terskelen for atom-bombe bruk lavare. No kan russarane bruke det som eit angrepsvåpen og ikkje berre i forsvar, som før. Har vi tatt det neste steget til tredje verds krig? Og som Einstein sa då den fyrste atom-bomba vart bygt: "Dersom nokon overlever ein tredje verds krig, så vil den fjerde verte utkjempa med steinøkser og klubber."

Det og eit nytt tusenårs skifte med diverse data-problem satte tankane mine i sving, og eg såg for med eit scenario der fåtalet får oppleve lukka. Eg tok for meg god sida av mi tenkte framtid, kor ille kunne den verste vere?

Delane Michelle Hill

Januar 2000