Vietnam                                                              Tilbake

Vietnam

Ei tåre på hans kinn-

men berre nok eit

tal

for regjeringas strategi.

Titals av summande

bier

sleppte sine bomber.

Demokrati og rasjonelle

tankar

blir gløymde

i krigens hat.

Himmelen er kvit

som ei fredsdue

men offera som aldri

kom heim

speglar røynda

På ein brutal måte.

Ei jente på båre

ein gut i sorg.

Det er

Vietnam

Sveinung Årseth