|
Her
er stilen som elevane i 9.klasse vann
førstepremie, og 10.000 kr, med i Tussa sin
stilkonkurranse. Oppgåva var: Kva Tussa og
den elektriske krafta har å seie for meg og
min kvardag.
Kva? Klokka
er 10.30. Søren, straumen har gått! Eg
pussa tennene i ein fart og storma ned på
kjøkkenet. Der stod pappa.
Er du ikkje
på jobb no? Nei straumen vart borte, og eg
vart forseinka i fjøsarbeidet. Eg vakna
klokka seks, og då var straumen vekk. Eg
skunda meg i fjøsen, for eg visste eg
måtte mjølke dei 178 geitene for hand. Så
måtte eg begynne å lempe ned silo for hand
fordi talja ikkje virka. og du veit geitene
no tildags, dei har så små spener fordi
dei er vande med å bli mjølka med
mjølkemaskin. Det var annleis før, då var
spenane store og gode å mjølke. Nei, no
må eg på jobb og fikse straumen til
kveldstellet byrjar og slik at mjølka blir
nedkjølt. Ha det bra.
Mor sat der
også og åt frukost. Skulle du ikkje vere
på skulen no? Som du ser har straumen
gått, og trur du eg greier å stå opp utan
vekkerklokke?
Nei du klarar vel ikkje det. Eg har måtta
fyre i omnen og, det er jo 8 minusgradar
ute. Men no må du skunde deg å ete, maten
står på bordet.
Jada, det
hastar ikkje sånn, det er berre skule. Å,
nei! Vi skulle jo til badehallen på Bjørke
i dag. Det blir vel ikkje noko av sidan
straumen er gått. Når du nemner det skulle
eg skrive eit brev på den nye datamaskina
som far din har fått frå Tussa. Håpar at
straumen kjem att slik at eg får skrive
det.
Jaja, pappa
og dei andre på Tussa gjer vel det beste
dei kan. Jauda, dei fiksar det vel. Har du
vaska gensaren min? Diverre, vaskemaskina
går ikkje på batteri. OK, eg får vel kome
meg på skulen no. Ha det bra. Ja, ha det
bra.
Ute var det
ordentleg januarvinter med over ein halv
meter snø. Bussen kom akkurat idet eg kom
ned til vegen. Bussen var tom bortsett frå
meg og sjåføren. På Sæbø var alt
mørkt, ikkje så mykje som eit lys. På
butikken var det kaos. Dei har automatiske
døropnarar, og dei virka ikkje. Dei kunne
heller ikkje la dørene sto opne sidan det
var 8 minusgrader ute. Temperaturen steig i
kjøledisken og dei visste ikkje si arme
råd. men eg måtte vidare.
Då eg kom
til skulen var døra låst. Det hang ein
lapp på døra som sa: "Skulen er
stengd i dag på grunn av straumbrot."
Jaja, eg får vel ringe mamma og be ho
køyre ned å hente meg. Eg sprang til
telefonkiosken som stod attmed butikken.
Heldigvis hadde eg nokre småpengar. Mamma,
kan du kome og hente meg på Sæbø? Skulen
var stengd.
Å, ja, dei
har vel elektriske omnar, og det bli vel
ganske kaldt der utan straum. Eg kjem så
fort eg kan. Forresten så ringte pappa, han
sa at straumen ville kome att i løpet av
ein times tid.
Tenk om
straumen hadde vore vekk lenger. ei veke for
eksempel. Ei heil veke utan internett og TV.
Berre brød, ikkje middag på ei heil veke,
tenk deg det. Det kan vere koseleg utan
straum ein kveld eller noko sånt. Men over
lengre tid? Nei eg hadde aldri greid det.
9.klasse |