|
Stille gråt i stille land,
tårene renn frå liten mann
Åleine i den store verda,
kan vi ingenting av dette læra?
Framandt folk frå framandt land,
for feige til å kjempe mann mot mann
Som store kvepsar, og med lite klikk,
dei sendar ut eit dødeleg stikk
Stille gret vår vesle verd,
kva kan vi me dette gjer?
Fører krig med seg noko godt,
eller gjer det berre livet rått?
Menneske etter menneske døyr ein kveld,
ein heil nasjon forsvinn smått om senn
Tårer landar i herja jord,
for kvart døde sysken, far og mor
Salt vatn på mørke kinn,
brune auge gret over familien sin
I heile verda tårene rann,
for dei uskuldige offer i eige land
Eva
Haugen Øye, Mars – 2000
|