|
No er du endeleg 4 år! Det følest som om det var i går du
vart fødd. No er du stor gut og har opplevd mykje.
Eg hugsar godt første gong eg fekk sjå
deg. Du og mamma kom flygande frå
"Tigerstaden". Du var så søt og roleg. Laga
nesten ikkje ein lyd medan du var her.Du lærte deg først å gå då du var
tre år. Vi var alle så glade og stolte av deg.
Då vesle Mathias vat fødd var du
veldig sjalu. Du syntest vel at du ikkje fekk nok
merksemd. Alle ville halde og kose med den vesle babyen,
og du måtte berre stå og sjå på. Men no er de veldig
glade i kvarandre og leikar saman heile tida. Sjølv om
det blir nokre "kakkar" av og til, gløymer de
det fort begge to.
Den 14.november 1998 for du, mamma og
pappa til England for å prøve trykktank, medan Mathias
var igjen her på Øye.Eg syntest så synd på deg då
mamma sa i telefonen at du berre grein i telefonen, og at
du likte det ikkje i det heile tatt.
|