|
TEK EGOISMEN OVER?
Mange har store håp
og draumar ved dette store milleniumsskiftet. Dei trur
at vi ved å gå inn i eit nytt tusenår vil få det
mykje betre. At menneskas endelause egoisme vil vike for
ei tid då alle folkeslag vil stå samla. At vi endeleg
skal innsjå kor meiningslause alle desse krigane er, og
at vi vil strekkje ut ei vennleg og hjelpande hand til
dei som sårt treng det. Men eg er heilt overbevist om
at for å endre verda trengst det så mykje meir enn eit
skifte av årstala. Menneska vaknar ikkje berre opp ein
morgon og innser alle sine feil og manglar. Vi treng
tid, og mykje av det og. Det spørst berre om vi innser
dette før det er for seint…
Eit av dei mange
momenta eg finn uforklarlig med oss er kva vi brukar
pengane våre til. Nyttårsafta vart fleire milliardar
av kroner skote rett opp i røyk, er det dette vi kallar
gode investeringar? Hadde det ikkje vore betre å vite
til dømes at alle menneska hadde det bra framfor å
sjå eit flerrande lysshow som er over på nokre få
minutt?
Rasa vår er utan tvil
ein av dei mest egoistiske skapningane som har levd her
på jorda. Folk tenkjer automatisk på seg sjølv og kva
som er best for dei.
"Det ligg i
blodet vårt og det stammar frå våre forhistoriske
slektningar; the survival of the fittest- den sterkaste
overlever".
Slike utsagn er berre
dårlege unnskyldningar spør du meg. Skal tru om vi i
framtida klarer å utrydde oss sjølve? Det hadde ikkje
overraska meg stort. Kva har vi t.d. tenkt å gjer når
vi har brukt opp naturressursar som olje, tømmer og
gass? Kaste oss over kvarandre og slåst med alle midlar
om restane?
Det er viktig å
stille seg spørsmål om kva som ventar oss i framtida.
Det kan vere fantastisk, og det kan vere forferdeleg.
Men vi må no heller
ikkje gløyme at menneska har gått igjennom litt av
kvart, og likevel sit vi framleis med makta. Ikkje nokon
skapning her på jorda overgår oss når det gjeld
intelligens, og vi veit å bruke den. Over fleire tusen
år har vi lært korleis vi skal kontrollere naturen(så
langt det lar seg strekke), og kva vi kan gjer for å
unngå katastrofer.
Våre forfedre spådde
sikker dommedag i inngangen til år 2000, men der tok
dei grundig feil. Her sit vi like levande som i 1999.
Milleniumsskiftet var heller aldri særlig frykta, det
vart heller sett fram til. Den beste unnskyldninga nokon
gong til å feste heile natta lang, og det vart det og
gjort, men ikkje her på Øye. Her tok folk det med
knusande ro, og berre kosa seg inn i det nye årtusenet.
Det vart ikkje brukt tusenvis av kroner på feiringa,
men likevel trur eg dei fleste hadde ein triveleg kveld.
Vi ungdommane kunne godt ha tenkt oss litt meir liv og
bråk når visaren sakte tikka forbi 12-talet, men eg
trur vi likevel kjem til å tenkje tilbake på
nyttårsafta med eit smil og vite at vi har fått
oppleve noko ganske spesielt.
Denne teksten vart ei
blanding av tilbakeblikk og bekymringar for framtida,
men eg er ikkje 100% negativ når det gjeld kva som
ventar oss. Kanskje menneska vil sjå tilbake med gru
på denne tida om eit par hundre år og ikkje forstå at
vi kunne ha det slik. Kanskje vil krigane ende? Kanskje
vi får endå større forståelse for naturen og innser
at uten den er vi ingenting? Kven veit?…..
Kristin Norang
|