
Grafikk
- Lene Aklestad |
Brudeferden
i Hardanger
Toogtredve år var han, brudgommen,
Erik Sandre. Og no var han endeleg gift, etter visse
små skump i baken av mor si som meinte det var på
høg tid no.
Men han hadde liksom ikkje funne den
rette, ikkje før no. Sigrun var blid som sola og
fornøgd med det ho hadde.
Vakker som ei hulder var
ho, og difor skjøna ikkje Erik kvifor ho hadde
valgt akkurat han til ektemake.Han som hadde stor
klumpenase, hår som byrja å vekse litt for vilt og
to digre føter som såg aldeles misdanna ut. Men no
førte han henne altså heim for å bli fru
Sandre.
Båten rugga sakte fram og tilbake
i ei behageleg takt, og den lysegrøne sjøen klukka
kvar gong årene traff overflata. Det fekk han til
å tenkje bakover, til då han var liten og var med
bestefar sin å fiska.
|
Tidleg søndagsmorgonane la
Erik og Syver i veg i båt. Bestefaren var noko av
det beste Erik hadde hatt, så då Syver døydde så
brått ein dag, let det gå hardt innpå Erik. Han
hadde aldri vore heilt ærleg med nokon, ikkje før
no, med Sigrun.
Mor til Erik og han sjølv hadde
budd på ein husmannsplass før. Der måtte begge to
arbeide for kost og losji, og hardt arbeid hadde
sett sine spor i Erik, men det hadde og ført til at
han var den han var no. Sterk som ein okse, og kunne
nok gjere frå seg med kven som helst.
Men Erik var ikkje den typen, han
kunne ikkje tenkje seg å "gjere ei fluge
fortred". Han var mot andre slik han ville dei
skulle vere mot han. Likevel var det ikkje alle som
var greie med han, særleg ikkje då han var liten.
Han hugsa godt arbeidskarane på garden som erta han
fordi han var liten, spinkel og hadde store brune
auger. Dei sa at det var nummeret før dei datt ut
av hovudet hans fordi dei var så store. Erik hadde
valgt å berre oversjå dei, og det var nok det
beste han kunne gjere og, for då skjøna dei andre
at han tok seg ikkje nær av det. Dermed heldt dei
opp, og Erik fann ut at eigentleg var dei gode på
botnen.
- Hugsar du då vi fiska her
oppe, Erik, spurde Sigrun.
- Ja, det gjer eg. Det var slik
som eg og bestefar gjorde før, det.
- Prøv å ikkje tenkje på det
no. Det er bryllaupet vårt, og det er meininga
at alle skal ha det kjekt, og særleg du.
- Ja…
Men han kunne ikkje la vere å
tenkje på bestefar sin. Tenk om han hadde levd no,
då. Tenk kor stolt han hadde vore, og glad. Han
hadde tala for dei, og fått alle til å skåle for
brudeparet. Utan å vite det sat han liksom å
smilte, og no byrja systrene til Sigrun og bror
hennar, å fnise og le av han.
- Kva er det? Kva er det som er så
morosamt?
- Det er du som er morosam. Det
uttrykket i andletet…. Er du letta, eller,
fordi det er over no?
- Nei, eg berre tenkte på noko.
Kor stolt bestefar ville ha vore over oss no.
Kor mykje kjekkare denne dagen hadde vore med
han her.
- Erik, du må lære deg at
bestefaren din er død, og at han aldri meire
kjem tilbake hit. Men du har så mange andre som
er glad i deg, og no er du til og med gift med
ei kvinne som er glad i deg, og som kjem til
gjere alt for å gjere deg fornøgd, sa den
andre systra, som heitte Kristianne.
- Han måtte vedgå at ho var
inn på noko, Kristianne. Det var mange som
var glad i han. Og han var glad i
dei og. Og sjølv om bestefaren ofte dukka opp i
tankane hans, kunne han aldri få Syver Sandre
tilbake. Men sjølv levde han fortsatt, og det hadde
han tenkt å gjere ei stund til, så no fekk han ta
å kutte ut denne evige tenkjepausa. Han skjende på
seg sjølv for å sose vekk bryllaupet sitt på ting
han kunne tenkje på seinare.
- Tenk å vere så heldig som meg
som har ein stor familie, eit hus å bu i og ei
kone eg er glad i som er glad i meg og.
Dermed kasta han hatten sin i
veret medan han ropte høgt av fryd, og bror til
Sigrun fyrte av eit skudd med børsa så det gav
ekko mellom fjell. Felelåten høyrest nok i heile
soknet og alt var berre velstand.
Eva
Haugen Øye
|