|
Det
er 41 elevar på ungdomssteget på Sæbø,
men diverre var nokre sjuke, slik at ved avmarsj frå
Kvistadsetra sto 36 elevar og fire lærarar klare til
den store utfordringa, og stor utfordring var det.Haustturane
til skulen har til vanleg gått i lavlandet, men no skulle
vi beseire ein 1542 m høg topp. Særleg stor utfordring
var det for fleire av elevane som aldri hadde vor på
ein slik fjelltopp før.
Nokre av elevane sprang som fjellgeiter oppover, men dei
var særs flinke til å stoppe og vente på
dei som trengte litt lengre tid. Då det verkeleg tok
til å tære på kreftene til fleire av elevane
flata terrenget ut og etter kvart kunne ein sjå toppen.
Dette gav den inspirasjon som var naudsynt for å orke
det siste stykket, og klokka eitt var alle elevane og dei
fire lærarane samla på toppen. Dette synest både
lærarar og elevar var så imponerande at vi samla
alle til eit toppbilde med historisk sus, alle ungdomsskuleelevane
på toppen av Skårasalen. Berre synd at vi ikkje
kunne sjå ned på skulen og elevane i 1. - 7. klasse
som måtte slite over skulebøkene. Men elles var
utsikten fantastisk, ikkje minst utover Hjørundfjorden.
Klokka halv fire var vi nede på Kvistadsetra der rektor
og foreldre sto klare til å hente oss. Her kan du sjå
bilete frå turen.
|