Elevane
Uteskulekurs
Sykkeltur
Meieribesøk
Formingsutstillinga
Tinestafetten
Skidag 2004
Snøskulpturar
Førjulsaktivitetar
Lavvoplassen i nov.
Kom og dans
Fjelltur til Helgehornet
Fjelltur til Melshornet
Tv-aksjonen 6. og 7.kl
TV-aksjonen 1.,4.og 5.kl.
Arkiv
Skuleåret 2002/2003
Skuleåret 2001/2002
Skuleåra 1999 - 2001

 

 

Leirskule på Runde
6. og 7. klasse var på leirskule på Runde siste skuleveka i juni 2004. Dette vart ei fantastisk veke for elevane med mange flotte opplevingar. Her var det fjelltur, båttur til Rundebranden, fisketur, tur i fjøra og ikkje minst underhaldning og diskotek om kveldane. Du kan her få sjå bilete frå dette opphaldet.

Vi gjer oss kjende på Runde og går tur langs vegen.
[Fleire bilete]

 

 

 
Vi er på ekskursjon i fjøra.
Sjøv om det var ruskever var det nokre som "bada". Oppdraget vårt var å finne mest mogeleg ulike dyr og plantar til akvariumet vi skulle lage til seinare på dagen
[Fleire bilete]
 
Vi lagar akvarium.
Etter at vi hadde vore i fjøra, gjekk vi inn og sorterte det vi hadde funne og laga akvarium.her sette vi namnelappar på dei ulike dyra og plantene vi hadde funne.
[Fleire bilete]
 

Undervisning i klasserommet.
Dagane starta ofte med litt undervisning i klasserommet. Så var det å gjennomføre dagens program om vêret tillot det. Vi hadde ein dag med dårleg vêr, så då vart det gruppearbeid inne istadenfor .Vi lærde om dyr, eller vi lærde å lage knutar med tau.
[Fleire bilete]

 

Til Rundebranden.
Spenninga var stor om veret vart slik at vi kunne reise til fuglefjellet Rundebranden.Dagen kom med solskin og stille.Likevel var dønningane så pass at vi fekk kjenne at vi var på havet. Ikkje alle syntest det var like greitt.
[Fleire bilete]

 
På fisketur
Ikkje alle vart skremde etter turen til Rundebranden. Dagen etter for ein gjeng på nytt ut med båt og ville prøve fiskelukka. Diverre var det ingen napp å få.
[Fleire bilete]
 
Om kvelden var det kvar sin gong å halde med program
[Fleire bilete]
 
 
Ansvarleg for sidene: Oddny Flugekvam og Johs. Halland
Sist oppdatert: 28.01.05