|
Tinestafetten 2004
Den årlege Tinestafetten gjekk av stabelen på
Ørsta stadion onsdag 26.mai. I fjor pøsregna
det, men i år kunne vi vandre rundt i flott solskin
blant meir enn hundre ivrige stafettløparar. Sæbø
skule stilte med lag i 6., 7., 8. og 9. klasse. Med reservar
var det 36 deltakarar frå skulen, og med som hjelparar
var fire lærarar og fleire foreldre.
Alle deltakarane får Tine t- skjorte og startnummer
og plutseleg er alle nesten heilt like. Det er difor vanskeleg
å skilje ut lagkameraten i eit stort felt, men heldigvis
gjekk vekslingane fint. Kvar etappe er på 200 m og det
er ialt 8 etappar. Fleire flotte resultat vart det og. 7.
klasse og 9. klasse tok begge 4. plass. Etter stafetten samla
vi alle til eit lagbilete og heilt tilslutt kunne alle nyte
yoghurt og riskrem frå Tine.
|