|
Sykkeltur
og besøk i symjehallen.
Sist veke dro 8. og 9. klasse ut i verda. Onsdag var det gode
vermeldingar og vi dro difor på sykkeltur til Lygnstøylvatnet.
Som du ser av bilda hadde vi eit strålande ver og ein
flott natur å sykle i. Inne ved vatnet grilla vi før
vi sykla tilbake til ferja. Dagen etter dro vi til symjehallen
i Volda. Å bade i ein 25m hall med stupetårn på
5 m er ei sjeldan oppleving for dei fleste elevane. Mange
hoppa frå 5 m og 3m i tillegg spelte vi volleyball,
vannpolo og svømte stafettar.
|