Elevane
Uteskulekurs
Sykkeltur
Meieribesøk
Formingsutstillinga
Tinestafetten
Skidag 2004
Snøskulpturar
Førjulsaktivitetar
Lavvoplassen i nov.
Kom og dans
Fjelltur til Helgehornet
Fjelltur til Melshornet
Tv-aksjonen 6. og 7.kl
TV-aksjonen 1.,4.og 5.kl.
Arkiv
Skuleåret 2002/2003
Skuleåret 2001/2002
Skuleåra 1999 - 2001

 

 

Fjelltur til Helgehornet
1.-5.kl.+ nokre elevar frå 6.-7.kl.-hadde ein flott tur til Helgehornet torsdag 16. oktober.Vi tok buss frå Sæbø kl- 09.30,og vart køyrde til Sollidalen der fjellturen skulle starte.Det var ein song-glad gjeng vi hadde med oss,og humøret var på topp heile dagen.Repertoaret var frå Vassendgutane til dei meir tradisjonelle songane !

Lars-Kristian tok på seg oppgåva å fylgje "racerane".Vi andre kom hakk i hel.Det var noko gjørmete og blautt til å begynne med,så det vart ein del skitne bukser og blaute sko.Stien vart betre lenger oppe, og alle nådde toppen tidsnok til å ha tid til å nyte den flotte utsikta og til å få i seg niste og drikke. Nokre fekk også tid til å studere vardane som var oppsette,og med stor lyst til å klatre oppetter dei.Nedturen gjekk også greitt,men vi trengde tida.Bussen hadde ikkje tid til noko stopp nedover dalen, og vi nådde akkurat ned til skuleslutt.Mange meinte det hadde vore ein strevsam tur,men var utruleg glade for at dei alle hadde kome seg opp ! Berre blide fjes å sjå!.Det var ein strålande dag!

 
Ansvarleg for sidene: Oddny Flugekvam og Johs. Halland
Sist oppdatert: 28.01.05