|
Formingsutstilling 2004
Eg trur vi trygt kan slå fast at ein av dei flottaste
utstillingane under årets Hjørundfjorddagar var
elevane sin formingsutstilling. Elevane stiller ut arbeid
dei har laga gjennom heile skuleåret, både på
tekstil, tresløyd og keramikk. Det var mange lovord
å høyre frå dei som var inne og såg
den flotte utstillinga, lovord som både elevar og formingslærarar
kan ta til seg. Her kan du sjå nokre bilete frå
utstillinga.
|