|
|
|
 |
Overnattingstur
til Risestøylen
Måndag 16.juni dro 7. og 8. klasse på overnattingstur
til Risestøylen. Vi var igjen heldig med vêret,
eller er vi lærarane berre flinke til å velje rette
turdagar?
[Les meir] |
 |
Garnsetting
med 9. klasse.
22-23 mai var 9.klasse ute på
fjorden og fiska med garn. Med i opplegget var greiding, utsetting
og draging av garn. Etterpå var det filetering og matlaging
av fangsten. [Sjå bilete] |
 |
Overnatting på lavvoplassen
Torsdag i 12 tida drog 8. og 9. klasse fram til lavvoplassen.
Her skulle dei vere resten av dagen, natta og utover fredagen.
Først skulle elevane lage seg overnattingsplassar,
så skulle det sagast ved, lagast balansetau og ryddast
ny lavvoplass. [Sjå bilete]
|
 |
Tur
til Lavvoplassen
I mars dro 1. klasse saman med fadderklassane 4. og 5. klasse
på tur til lavvoplassen. Med seg hadde dei knivar, sagar
og pinnebrøddeig. [Sjå
bilete] |
 |
Fadderordning:
6.klasse og 2.klasse
samla seg til lese-og leikestund.
6.klasse er fadder
for 2. klasse dette skuleåret. Her har vi ei fellessamling
der 6.klasse las for fadderborna sine og 2.klasse las leseleksa
si til fadderen sin.[Les meir] |
 |
Nye
forkle
I formingstimane har 5. klassingane
sydd seg forkle, så no er dei klare for skulekjøkkenet.
Gode, varme luer har dei også sydd seg.
[Sjå bilete] |
Rugby
Ein flott vinterdag i januar
med mykje tørr nysnø var den flotte ramma rundt
ein gymtime med rugby. Her kan du sjå nokre bilete frå
kampen som enda 2 - 1 til eit av laga.
[Sjå bilete] |
Nissefest
I det flotte veret siste veka før jul drog 1., 4. og
5. klasse på tur til Riise. Først aka dei i bakkane
før dei fekk servert ekte nissegraut av lærarane.
Etterpå fekk dei varm drikke.
[Les
meir og sjå bilete] |
Skeisedag
Fredag 13. desember drog 8. klasse til Hovdevatnet på
skeisedag. Vi hadde diverre ikkje skøyter til alle, islagde
og snøfrie vatn er sjeldan kost på desse kantar.
Men vi bytta på skøytene og spelte hockey både
med og utan skøyter.
[Les
meir og sjå bilete] |
Eldrefesten
Elevar frå musikklina på høgskulen i Volda,
i samarbeid med lærarane på skulen, hadde i år
ansvaret for programmet på eldrefesten og foreldrefesten.
Onsdag 11.12 var det programframsyning for foreldra, og dagen
etter for besteforeldre og pensjonistar.
[Sjå bilete frå eldrefesten] |
Lavvoplassen
Sæbø skule har i fleire år hatt lavvo, men har mangla ein fast
leirplass. No har Martinus latt skulen få bruke eit område på
garden sin, der det skal lagast til fast leirplass.
[Les
meir og sjå bilete]
|
Fadderordning
Her kan du sjå 1. klassingane saman med fadderane deira
frå 4. og 5. klasse. Saman kosar dei seg med skillingsbollar
og saft.
[Sjå
bilete] |
Fjellturar
På ein av dei mange flotte
haustdagane drog heile skulen på fjelltur. Nokre var i
Kvamsedalen, nokre gjekk frå Sæbø og opp
i Nøvedalen, og dei eldste gjekk frå Standal til
Sæbø over Nøvedalen.[Sjå
bilete] |
Telttur
Torsdag 22. august drog heile ungdomsskulen på overnattingstur
til Kvamsedalen. Skodda låg tett i heile Bondalen, men i Kvistaddalen
skein sola. Det vart ein flott men strabasiøs tur i solsteiken.
[Sjå bilete] |
|