Kultivering som praktisk prosjektarbeid.                                      Tilbake
Bondalselva var tidlegare ei av dei fiskerikaste lakseelvane i landet. Diverre har fisket vorte sterkt redusert dei siste åra, trass i god tilgang på stamfisk og eit aktivt kultiveringsarbeid.
 
Fem elevar i 9. og 10. klasse ved skulen har valt kultiveringsarbeid som praktisk prosjektarbeid, i samarbeid med Bjørn Urkegjerde, som er ansvarleg for stamfisktakinga.
Onsdag 19. september var dei av stad og fiska stamfisk for første gong. Rykte om mykje laks og lita elv, gjorde at spenninga var stor.

Ivrige fiskarar ventar på napp. Dei har oppdaga ein stor laks i hølen.

Ein av elevane prøver å sjå fisken med polaroidbriller.

Storlaksen har bite på.

Fisken, ein fin holaks på ca. 12 kg. er endeleg i håven etter ei heller dramatisk økt.

Ein blid elev med dagens storfangst.

Ein fin laks på 3.5 kg
Etter fiske gjekk turen rett til klekkeriet der fisken fekk gå i store kar til den vart gytemoden. Onsdag 7. nov. var det klart for stryking av laksen. Elevane gjekk til oppgåva med stor glød.

Ein hannlaks på 6-7 kg er klar til stryking.

Laksen er tatt opp av karet og er klar til stryking.
Dette går strykande. Kaldt men utruleg kjekt.
Rogn og mjølke vert blanda saman. Deretter går dei befrukta egga rett i klekkekassa. Ei kasse for kvar fisk.