Skodespel                                                                                       Tilbake
Siste dag i oktober hadde studentane dramatisering med elevane i 4. og 5. klasse. Alle fekk utdelt eventyret "Pannekaka" dagen før. I første time fekk alle utdelt roller. Diverre fekk ikkje alle den rolla dei hadde tenkt seg. Loddtrekking måtte til for å få delt rollene så rettvis som råd.

Heile dagen vart brukt til å lære replikkar og øve inn stykket. I heimelekse fekk dei i oppgåve å finne fram kostymer, og lære replikkane.

 
Fredag andre november var det tid for premiere. 1. klasse, og lærarane i dei to klassene, var publikum. Det vart ein flott framsyning, og blide fjes å sjå blant publikum.