Rugbykamp                                                                                                         Tilbake


Tysdag 12. mars tok den rugbyfrelste gymlærar Heidi Aambakk sine disiplar i 10. klasse med ut på Sæbø skule sin lokale rugbybane. I eit kort intervju til heimesida sin utskremte journalist uttalte ho at tilhøva var nær perfekte for rugby, sjølv om  grasbana var dekt med 50 cm tung og kram snø. Innsatsen var stor som bileta viser. Det einaste som kan kritiserast var ei noko stilleståande kampleiing. Dommaren flytta seg berre nokre cm i løpet av heile kampen.......