|
Etter ein lang haust med
forfattarskule og forfattarknep i 8. og 9.klasse var det tid
for framføring av eventyr, forteljingar, drama og
rollespel. 8.klasse inviterte 2. og 3.klasse på framsyning
og spelte sjølvkomponerte eventyr med både troll, heksar og
kongsemne. I 9.klasse hadde elevane forfatta tekstar om det
å vere ung. Såleis fekk 6. og 7.klasse presentert forteljingar
og drama som omhandla både forelsking, mobbing og seksualitet.
Her kan du sjå bilde av både aktørar og publikum.Vi arbeider
samstundes med å ferdiggjere tekstar frå framsyninga som
etterkvart skal presenterast på "godbitar".
Klikk på bilda......
|