Paneldebatt                                                           Tilbake 

Fredag 07.09 var det duka for ein gnistrande god paneldebatt av 10.klassingane ved Sæbø skule. Elevane hadde i god tid studert valprogramma til dei ulike partia. Det var semje om at alle partia med representantar i Stortinget samt RV skulle vere med i debatten.

Alle dei åtte partia fekk deretter sin talsmann (elevane valde sjølve, også kven dei ville vere). Mariann og Jorunn melde seg som programleiarar, og tre andre elevar melde seg for å ordne til/planlegge "studio" på Sæbø klubbhus. Dei resterande åtte elevane gjekk inn som medhjelparar til kvar sin debattant.


Elevane er klare til paneldebatt.

Programleiarane valde tema for debatten og ga melding til partia om kva som var valt. "Politikarane" med sekundantar finpussa detaljar og strategi før "slaget". Tema under debatten var – innvandring, eldrepolitikk, barnehage- og skulepolitikk. Publikum var resten av ungdomsskuleelevane på skulen. Og debatten vart kort sagt drivande god!

Her var detaljkunnskapar, evne til å sjå linjer, innsikt i "svake" punkt ved andre parti sitt program, gode replikkar, omtanke for svaktstilte grupper i samfunnet og humor. Engasjerte programleiarar "grilla" politikarane, fekk fram motsetnader og stilte kritiske spørsmål til paneldeltakarane. Eit engasjert publikum som applauderte og skapte stemning i salen, var med på å gjere dette til ein fulltreffar! Gratulerer elevar! Tysdag vert det gitt tilbakemeldingar om opplegget.

Fleire bilete:  1    2     3     4