BAKING OG SAL AV SKULEBOLLAR                                                Tilbake


På FN dagen, den 24 oktober, hadde vi sal av skulebollar, inntekta gjekk til
Redd Barna. Elevane i 1., 4. og 5. klasse baka skulebollane saman med
miljøgruppa og studentane. 

Som de ser på bileta var elevane flittige bakarar. Dei hjalp til med henting av ingrediensar, baking, oppvask og ikkje minst var dei flinke til å selje. Det verka som om alle kosa seg og hadde det morosamt. Skulebollane selde vi til elevar og lærarar på skulen. Vi fekk inn til saman 935 kroner og pengane er sende til Redd Barna. Vi var
alle samde om at vi hadde hatt ein fin dag.