Bilete frå skileikdagen                             Tilbake


Onsdag 21. mars var det skileikdag for elevane på Sæbø skule. 96 elevar frå 1. til 10. klasse deltok. Det var laga til ei rekke øvingar: Orienteringsløype, orgeltramp, slalombakke, stavkøyring, akebakke og skiskyting.

Elevane var delt opp i 16 lag, og kvart lag var sett saman av elevar frå alle klassetrinn. Ei viktig oppgåve for dei eldste på laget, var å hjelpe dei yngste.

Vi var heldige med været, og eit lite lag med nysnø laga nesten perfekte forhold. I tillegg hadde vi eit flott område å boltre oss i på marka til Aksel Molvær.


Køyring med lang stav

Matpause

Pause ved lavoen

Eit fall

Start på orienteringsløypa

Endeleg i mål

9. klasse laga til løypene nokre dagar tidlegare

Mot mål i orienteringsløypa