Skileikdagen                                                              Tilbake

Måndag 27. Mars hadde Sæbø skule skileik på Bondalseidet. Dagen vart avvikla i strålande ver, sjølv om dårleg ver sikkert ikkje hadde lagt nokon dempar på innsatsen til elevane.

Elevane vart delte i 18 grupper, med dei eldste elevane som gruppeleiarar. Dei sytte for at gruppa kom seg gjennom dei tre stasjonane. Desse bestod av: 1. Skiorientering, 2. Skileik med orgeltramp, slalom og køyring gjennom kular og staup. 3. Aktivitetsløype med hopp, slangekøyring m.m.

Det er fleire føremål med ein slik dag. Det vert skapa kontakt mellom elevane på tvers av klassestega, elevane tek ansvar for kvarandre, og dei oppdagar at det er kjekt å gå på turski. Det var berre blide fjes å sjå etterpå, og mange spurde når vi skulle ha neste skidag.

Her er nokre glimt frå den vellukka dagen:


Åse Lill og Tonje plogar i utforbakken.

Lag nr. 11 klar til start i skiorietering. Rundt i terrenget var det lagt ut postar med spørsmål og oppgåver.

Tre blide karar smakar på pølsene.

Stein Ove tek nedslag i hoppkonkurransen.

Her er alle samla til matpause på leirplassen. I bakgrunnen den nye lavoen.

Utan mat og drikke…. Pølsespidding i matpausen.

Vegard i aksjon i orgeltramp-løypa

Lavoen er sett opp og Martinus samlar inn ved.

Lærarane fortente og ein matpause

Tilbake