Piggolf                                                                Tilbake

Piggolf – Piggsvinet utan piggar

I slutten av mars hadde skulen besøk av Arne Remmereit  med teaterstykket Piggolf. Ein av elevane, Marita, såg stykket og her er hennar inntrykk.

Dei som var med heiter: Piggolf, Flaggre Flaggermus, Lærar Bjørnhild, Grisen Grynte og Sommarfugl  Geisha.

Det heile starta med at Piggolf sa kven han var. Piggolf budde i den mørke delen av skogen. Alle piggsvin har piggar til å forsvare seg. Det har ikkje Piggolf, og han må dermed gøyme seg kvar gong det er fare på ferde.

Piggolf blir mobba av Grisen Grynte mest kvar dag. Grynte tøffar seg heile tida. Lærar Bjørnhild – lærar til Piggolf – veit ikkje at Piggolf blir erta, ho lurer på kvifor Piggolf er så trist og ukonsentrert heile tida. Ei natt får ikkje Piggolf sove. Han vil ikkje vere Piggolf meir. Midt på natta flyg Flaggre Flaggermus rundt omkring.

Flaggre er ei flaggermus, så for han har "dagen" nettopp begynt. Han er litt lei seg fordi han ikkje har nokon å leike med. Flaggre høyrer at Piggolf ropar "Eg får ikkje sove!!!!!" Flaggre flyg bort til Piggolf. Først vart Piggolf litt redd Flaggre, Piggolf trudde at Flaggre var eit monster. Piggolf seier til Flaggre at han ikkje vil vere seg sjølv lenger.

Flaggre fortel Piggolf ei forteljing om ein sommarfugl som alle syns var så pen, men som sjølv bere hadde lyst å verte menneske. Sommarfuglen gjekk til Gud Skaparen, og bad han om å skape seg om til eit menneske. Dei første vekene hadde "sommarfuglen" det godt, han fekk helse på nye menneske heile dagen. Men ein dag så var det nokre menneske som var sjalu på ho. Dei sa usanne ting om "sommarfuglen". Tilslutt var det ingen som ville vere saman med ho meir. Då lengta ho tilbake til då ho var ein sommarfugl. Piggolf tykker sommarfuglen var dum.

Grisen Grynte hadde kledd seg ut som spøkelse, og han hadde tenkt å skremme Piggolf. Men Grynte dett og får seg ikkje opp. Flaggre vil hjelpe han, men Grynte er for stolt til at nokon skal få hjelpe han. Flaggre riv av han drakta likevel. Grynte vart vettskremd når han såg Flaggre "Hjelp!!! Eit monster! " skreik han. Då oppdaga Piggolf at det ikkje berre var han som var redd, men sjølv den tøffe Grynte var redd. Piggolf fann ut at sjølv om ein er tøff utanpå, er ein redd inni seg (av og til).

Her har eg dikta litt vidare:

Piggolf vart mykje tryggare på seg sjølv etter at han fann ut at det ikkje berre var han som var redd. Piggolf hadde lært seg å telle til 10, slik som han hadde fått beskjed om frå Lærar Bjørnhild. Piggane begynte å vekse etterkvart som han vart gladare. Piggolf og Grynte fekk god kontakt med kvarandre, dei vart etterkvart ganske gode vener. Han fekk mange andre vener også. Men han har aldri heilt gløymt kor mykje Grynte såra han.

Forteljinga om Piggolf er sikkert lærerik for ca. 1. - 4. klassingar, men som 7. klassing syns eg ikkje at den var så veldig spanande og lærerik. Frå denne forteljinga kan vi lære at vi ikkje skal mobbe andre sjølv om dei ser annleis ut enn "oss". Vi lærte også at sjølv om vi ser tøffe ut utanpå, kan vi vere redde.

Han som kom og framførte det for oss, heiter Arne Remmereit. Teatergruppa hans heiter Arnedrama. Dei driv med dukketeater.

Skrive av Marita E. Trandal

Tilbake