Planting av blomsterløk                                                        Tilbake
Opplysningskontoret for blomster og planter kom tidleg dette skuleåret med eit tilbod til elevane i 4. og 5. klasse. Tilbodet var at vi skulle få tilsendt blomsterløk for utplanting. Denne utplantinga skulle vere torsdag 21.september, og etterpå skulle vi sende ein rapport om korleis arbeidet med å plante løkane hadde gått.
Rapport                              Sæbø 02-10.00 Opplysningskontoret for blomster og planter,
Schweigaardsgate 34F,
0191 Oslo  

4.og 5. klasse ved Sæbø skule planta blomsterløk fredag 22.sept. Grunnen til at vi ikkje hadde plantedag torsdag 21. sept.var at den dagen var vi ikkje å skulen. Reiskap som vi nytta til dette arbeidet var: spade, greip, trillebåre, hagesaks,rive ,krafse og plantespade. Vi fekk tildelt plass av rektor. 


Elevane i 4. og 5. klasse er ferdige med utplantinga.
Der vaks det ugras som vi måtte klippe og grave vekk. Det var mykje stein og grus i jorda. Stein og grus køyrde vi vekk med trillebåre og hadde det oppi ein søppelcontainer. I nærleiken av skulen ligg idrettsbana. Når dei slår graset på idrettsbana, legg dei det i kompost.Frå denne komposten tok vi fleire trillebårlass og la dei i bedet. 

Kompostjorda blanda vi med sandjorda og så planta vi løken. Vi tok bilete av oss då vi planta løkane. Rapporten og bileta skal vi legge inn på heimesida vår. Adressa er: www.sabo.gs.mr.no. Då vi kom på skulen den 25.09.00, var det nokon som hadde rota i bedet vårt. Vi fann blomsterløk som låg oppå bakken. Vi måtte ordne til bedet og få løkane i jorda på nytt. Vi prøvde å finne ut kven som hadde øydelagt bedet vårt, men vi har ikkje funne ut kven det var.  

Med helsing 4.og.5 klasse Sæbø skule