Grunnskuleveka - frå jord til bord                                 Tilbake

Knut Hustad forklarar korleis mjølkemaskina virkar.
Gardsbesøk
1.klasse var på gardsbesøk hjå Knut Hustad. Her fekk dei sjå korleis kyrne vart mjølka og korleis eit mjølkeanlegg verkar. 

Dei fekk óg vere med på å fóre nokre av dyra. I fjøsen var det både kyr, oksar, kalvar og sauer.

Fleire bilete:

Kaninen får mat     I sauefjøsen     I kufjøsen


Kvernhuset på Vatne
Kvernhus
Den viktigaste matkjelda for menneska er kornet. Men på vegen frå åker til bord må kornet malast og bli til mjøl. Dei fleste av dei gamle kvernhusa er no borte, men framleis er det fleire kvernar i Ørsta kommune som er i fullgod stand.

På Vatne er det ei slik bekkekvern. Elevane på barnesteget fekk fredag 10/11 høve til å kome dit for å sjå korleis kverna fungerte og at kornet vart til fint mjøl. Elevane fekk med seg mjøl heim, så no har nok mange smaka på rettar som inneheld mjøl frå kverna på Vatne.

Fleire bilete:  2       3       4     5    6

To av elevane nyt maten.
Fellesmåltid
Grunnskuleveka vart avslutta med eit fellesmåltid på klubbhuset. Dei 51 elevane i 1.-7.kl.kosa seg med eit godt og næringsrikt måltid i lag med lærarar og nokre foreldre. Foreldra hadde dekka koselege bord til alle.

På menyen stod grovbrød frå Westre bakeri, og rundstykker, bollar, bollekaker, ciabatta og ostebollar som elevane sjølve hadde baka.

Vi hadde også sjølvbaka flatbrød. Alt produsert i grunnskuleveka.

Ellers hadde Meieriet i Ålesund sponsa oss med mjølk og ost, og Gilde, S-laget og Mega gav oss pølsepålegg, leverpostei , ostar, smør, tomat og agurk. Gjett om det smakte !
Fleire bilete:   2       3       4

Elevane igong med å steike flatbrød
Flatbrødbaking
Ein populær aktivitet var flatbrødbaking. Til dette fekk vi hjelp av tre bakstekoner. 

Det vart laga deig av sammalt kveite, havremjøl, kveitemjøl og vatn. Passande emne vart lagt på bordet og kjevla utover til ein tynn leiv. 

Leiven vart steikt på ei takke til den var sprø og god. Heimelaga flatbrød er kjempegodt !!!

 

Fleire bilete:  2       3      4