Bilete frå turen         Meir om turen vår           I konsentrasjonsleirane        Kart over leirane        

   Tilbake

Tematur med Aktive fredsreiser

Fredag 15. sept. reiste 13 tiandeklassingar, ti foreldre,ein bestefar og to lærarar frå Sæbø skule på tur til Polen/Tyskland. Der besøkte vi m.a. leirane Auschwitz, Sachsenhausen og Ravensbrück.

Elevane i 10.kl saman med tidsvitnet vårt som hadde vore fange i kvinneleiren Ravensbrück i to år frå 1943 til 1945.

 

Nokre av elevane utanfor porten i Auschwitzmed dei kjende orda "Arbeit mact frei"

Det som gjorde sterkast inntrykk var å sjå bileta av alle barna dei drap i Auschwitz,kloremerka på dørene i tortur og gasskammera.

Opprinneleg var fangebrakkene stallar for ca. 50 hestar.Det budde ofte over 700fangar i ei brakke.

Birkenau var ein rein utryddingsleir.Her står framleis dei opprinnelege fangebrakkane.Leirområdet var utruleg stort (1750mål).

Elevane la ned blomster og las dikt i alle leirane,her er vi ved minnestøtta over fangane i Sachsenhausen.

          

Her legg tidsvitnet vårt ned blomar ved skytegangen i Ravensbrück til minne om dei fangane som var her.

 

 
Etter at vi hadde vore i Auschwitz og Birkenau , reiste vi over grensa til Tyskland der vi besøkte Berlin først og deretter fangeleirane Sahsenhausen og Ravenbrück. I Berlin besøkte vi m.a. Murmuseet ved  Checpoint Chralie. Av muren står  det igjen 1,3km som er omgjort til eit galleri (East Side Gallery). Her har 118 kunstnarar frå 21 land fått utfalde seg.

Muren 1989. Alle hugsar sikkert bileta frå nov. -89 då Berlinmuren fall "Kysset" , eit av dei mest fotograferte bileta frå East Side Gallery.