8.klasse                                                                   Tilbake
Klassa vår:

8. klasse har 23 elevar. Elevane kjem frå Bondalen, Sæbø, Øye og Standal. Det er 13 gutar og 10 jenter i klassa.

Her er bilete av elevane på telttur til Langsetra.

Bli kjent tur:
I haust var vi på bli kjent  tur til Langsetra i Urkedalen. Læraren vår køyrde sekkane og telta, men ikkje oss, så langt som veien gjekk. Så måtte vi gå i nesten ein time før vi kom til teltplassen.

Det var fint ver då vi starta, men i femtida plaska regnet ned. Det vart så gale at vi nesten måtte fare heim, men vi overlevde såvidt. Ein stund var vi 13 inne i eit firemannstelt. Grillinga vart det ikkje noko av. 

Vi vakna likevel dagen etter med bra humør og for å få varmen i oss gjekk vi tur til Storevatnet. Etterpå pakka vi ned telta og gjekk heilt ned til traktorvegen. Der var gutane slike "gentelmen".... at dei lot jentene sitte på traktoren i lag med bagasjen.


Telta er komen på plass. (Dette var før regnværet)

Bagasjen og jentene på vei heim frå telttur.
I Sæbøfjøra:

I september var heile klassa i Sæbøfjøra for å sjå på planter og dyr og sjå etter søppel. Kvar gruppe skreiv rapport frå sitt område og la opplysningane inn i vannpermen sin database. Her kan du lese meir om prosjektet Sæbøfjøra



Her studerar Kristian, Mariann, Terje og Silje tang og tare i Sæbøfjøra

Norsk prosjekt:

I norsk har vi hatt fleire prosjekt. Eit av prosjekta var å lage teikneserie. Dette var kjekt. Her kan du sjå eit av resultata frå prosjektet. Jim Kjøtthue  av Jørund Aklestad

Morgonsamling:
På skulen vår har vi frå tid til anna ei såkalla "morgonsamling" sjølv om det ofte er seint på dag. Då har ei eller to klassar ansvar for nokre programposter.

Onsdag 16. mars hadde vår klasse ansvaret. Vi øva ein del i veka før framføringa noko som alle på skulen kunne høyre. Ein av programpostane var nemleg klassa sitt eige band som skulle framføre ein melodi av Metallica og to melodiar av Nirvana.

Ei anna gruppe dramatiserte eventyret om "Mannen som kappåt med trollet". Den tredje programposten var laga av nokre av jentene i klassa. Dei dansa 6 mans ril og polka.

Framføringa synest vi gjekk fint, men nokre av dei "eldre" lærarane meinte at bandet spelte for høgt.


Her er Yngve, Vegard, Mats, Kay Are og Henning under framføringa.

Vegard, Jørund, Terje og Alexander framfører eventyret "mannen som kappåt med trollet"

Tilbake