Fjellturar:
Vi har ein fantastisk vill og vakker natur rundt oss på
alle kantar, og det er ikkje skryt!
Mange kjem til Norangsdalen for å gå i fjella her.
Slogen
er kanskje det mest kjende fjellet (1564 moh), og frå
"Knutegarden" er det berre 10 min å gå
bort til Slogeråsa.
Tid: ca 4 timar opp (frå Øye) og 3 timar ned.
Delvis bratt og krevjande terreng.Må ha godt fottøy."Knutegarden"
er eit glimrande utgangspunkt for mange fjellturar, her er det
berre å velge og vrake.
Andre flotte fjell er tildømes:
Smørskredtind, Saksa, Jakta,
Skruen, Kjeipen, Råna eller Stålberghornet m.fl.
Patchellhytta (DNT),Habostadalen.(23
sengeplassar)
Tid: 3 timar opp og 2 timar ned.
Start: Øye - Skylstad eller Stranda.
Noko krevjande. Godt fottøy.
Du
kan legge opp til krevjande turar, eller gå etter merka
trimløyper rundt i bygda vår,og inne i Norangdalen
er det fint å vandre etter "gamlevegen" frå
Urasetra og inn til Hjellskredvatnet. Vi
gjev gjerne råd ved val av fotturar i "Sunnmørsalpane"
og omegn, eller kanskje ein biltur i distriktet.
|

Foto:
Gunnar Wangen

Foto: Gunnar
Wangen

|