|
Edith & Jon Arne Nordang,
6196 Norangsfjorden.
Tlf: +47 70 06 21 02
Mob:99 27 94 43
Epost: efn_4@hotmail.com
|
|
Hotel Union
Øye:
Hotel Union Øye er bygdas stoltheit.
Hotelet blei bygd av A.Scheldrup,og sto ferdig
i 1891.Med sin flotte "sveitserstil",spesielle atmosfære,
og beliggenheit,vart Hotel Union Øye raskt eit ynda reisemål.Her
leve framleis "romantikken"! |
 |
|
Hit kom kunstnarar,poetar,tindeklatrarar,
og notabilitetar som til døme keisar Wilhelm II og
kongelege,og aristokratar frå heile Europa.
I 1989 sto hotellet ferdig restaurert (27 rom og 50 senger),
og i 1996 fikk Hotel Union Øye ein verdig pris som
"eit av verdas 12 mest spanande hotel"!
Hotel Union Øye kan
du sjølv få oppleve. Ein 5 min spasertur frå
"Knutegarden" så er du der! Tildøme:bestill
eit bord,innta ein utsøkt fire rettars middag, og nyt
eit glas sherry i salongen ved peisen.Kanskje får du
høyre vakre tonar frå eit flygel,eller gamle
historiar frå ei svunnen tid?
Hotel
Union Øye
|
Lygnstølsvatnet:
26 mai 1908 kom eit stort steinras frå fjellet Keipen.
Det demde opp elva og eit nytt vatn vart til. Du kan framleis
sjå kvar gamlevegen går ut i vatnet, selmurane,
trea, grinda og steingardane på botnen av Lygnstølsvatnet.
Ein ynda stad for sportsdykkarar. Ein stor stein som vart ståande
på høgkant like ved,fekk navnet "Gange Rolv".
|
 |
Urasætra:
Urasætra ligg inni "villaste" Norangsdalen.
Her hadde "teneste-tausene" arbeidet sitt i gamledagar.
Dei mjølka på Urasetra om kvelden,overnatta i sela/sætra,
Mjølka om morgenen og køyrde mjølka ned
til Øyekaia. Så starta arbeidsdagen rundt om på
gardane i bygda,
heilt til dei igjen måtte reise inn på Urasætra
for å mjølke om kvelden.
|

Foto: Leif
Ø. Nordang |
I dag blir ikkje
Urasætra brukt til mjølking og den slags,men eigarane
nyttar sela til overnattig når dei fiskar og går
turar i Norangsdalen. Mange gardar nyttar Norangsdalen til beiteområde
for sau og kyr om sommaren. |
Villa
Norangdal:
Villa Norangdal (tidlegare Hotel Norangdal) 400 m.o.h.
Sunnylven ,Stranda kommune
Dette historiske hotellet vart bygd i 1885,og har vore eit landemerke
på Sunnmøre i meir en 117 år,
I byrjinga var det gardbrukarane på Haugen,(Anders Haugen
og
Ole Peter Haugen)som bygde saman to "nystover til eit pent
og teneleg hus,som seinare vart påbygd og utvida (1921). |
 |
|
I
1925var det plass til 20 overnattingsgjester. I 1840 åra
vart det vognveg gjennom Norangsdalen,og skysstasjon på
Haugen.Hotellets glandstid var mellom 1890-1940.Cruisetrafikken
til Øye og Hellesylt/Geiranger vaks,og turistane ville
ha hesteskyss gjennom Norangsdalen,da vart Hotel Norangdal
ein naturlig stopp på turen. Her fekk båre turistane,kuskane,og
hestane (opptil 125 hestar) godt stell og servering av det
hyggelege vertskapet på Hotel Norangdal.
Hit kom fjellklatrarar som tildøme
W.C.Slingsby 1876, eller unionskongen Oscar II 1886,Bjørnstjerne
Bjørnson 1898, Keiser Wilhelm II, Dronning Wilhelmina
1922,men også mange "vanlige borgarar",som
tildømes påsketuristar frå Ålesund,bryllupsfestar,
med spelemannslag , fjellvandrarar,enkeltpersonar, lag og
foreningar leigde hotellet til ymse arr. med overnattingar.
Hotel Norangdal var i drift til 1961 som Norangdal Turiststasjon,
I 1996 kjøpte noværande
eigar Iris Fivelstad Hotel Norangdal.
No "Villa Norangdal" ! Ho er "tippoldebarn
av Anders Haugen som bygde hotellet i 1885 ! 2002 vart eit
vendepunkt! Saman med sin far Oddmund Fivelstad (Iris største
og mest trufaste medhjelpar) har ho i dag kome langt,
og er snart ferdig med restaureringsarbeidet. Heilt fantastisk
!!
Vil du sjå og vite meir om dette fantastiske "Villa
Norangdal somligg midtveis mellom Øye/Norangdal og
Hellesylt (13 km frå Knutegarden)
og midt mellom dei majestetiske Sunnmørsalpane
.
Villa
Norangdal
|
|