Hjørundfjord kulturvernlag -> Lokalhistorie -> Ei dramatisk hending i Norangsdalen i 1906
Lokalhistorie
Ei dramatisk hending i Norangsdalen i 1906
(Lagt inn 18.04.2007 - 11:12 av Ivar Svein Mo
endra 18.04.2007 - 15:08 av Ivar Svein Mo) Lest 6548 gongar

Kjenner du nokon som kanskje vil interessere seg for dette innlegget?
Tips ein venn om denne artikkelen

0 kommentarar


Hote

Leiv Øye Nordang fortalde i Møre Nytt, om då kongen var på signingsferd i Norangsfjorden.


Ei dramatisk hending i Norangsdalen i 1906.

Eg har nyleg  lese boka til Jon Hustad, ”Hjørundfjord”. Og lat meg seie det med ein gong, boka er veldig god reklame for Hjørundfjorden, med særdeles fine bilete.

 Stoffet i boka er stort sett kjent frå før, men det er ei historie eg har lyst til å kome nærare inn på, og det er den dramatiske hendinga i Norangsdalen med kongefylgje og kroningsferda i 1906. Fylgjande historie har eg mellom andre etter bestefar min, Lars I. Øye, som den gong køyrde kongen og såg dramatikken på nært hald:

 Det var mange som møtte opp på Øyekaia og skulle køyre kongen med fylgje opp gjennom Norangsdalen. Det var nystrigla hestar med blankpussa stolkjerre og ”trille” – ei firhjula vogn, med betre plass enn stolkjerra. Og karjolvogna med to hjul og ei lang smal kasse med plass til berre ein passasjer.

 Frå  Hellesylt var det og kome folk og hestar som gjerne ville køyre storfolk. Lysholbreen låg  over vegen, men det let seg gjere å få over hestar med køyretøy. Den som hadde det flottaste køyretøyet var ein kar frå Hellesylt, truleg ei trille som var nymåla og blankpussa med mykje massingbeslag. Og i sjekene var det ein stor og flott hest. Alle rekna med at kongen ville velje denne vogna.

 Så sikker var denne karen frå Hellesylt at medan dei venta på kong Haakon skulle kome i land, såg han granskande nedover buksa si og sa til ein nær slektning: ”Eg tykkjer ikkje buksa mi er frakt skamlaus å køyre Kongen. Kan du tenkje deg å byte bukse med meg?”

 Det enda med at båe karane tok seg ein tur bort i kyrkjebåtnaustet og då dei kom attende, var buksene bytte.

 Det enda med at kongen valde karjolen som bestefar min køyrde. Då kongen sette seg oppi sa han på klingande dansk: ”Jeg trodde ikke jeg kunde køre karjol på grunn av mine lange ben, men nu ser jeg at det går fint”

 Dronninga med kronprins Olav, 3 år, valde ei trille med Andreas Nordang som kusk og med ein stor kraftig hest i sjekene. Desse køyrde først, med kongen etter.

 Då dei kom midt fram i bygda, sat der mellom ei andre ei gamal kone. Kongen såg på kona og spurde så kusken om det var ei fattig kone.- Ja meget fattig, var svaret. Truleg gjorde kongen eit teikn bakover, for strakst etter gjekk ein adjutant og gav kona litt småpengar.

 Innom Skylstad såg kongen ein stor stein som låg nær vegen og då kom humoristen fram på klingande dansk:” En sådan sten hadde ikke vært godt at å få i hode”

 En del folk frå Sunnylven var komne fram på fonnbreen på Lysholen og ville sjå kongefylgjet. Når så fyrste hestane var komne over Lyshobrua, var det at eit vindkast tok ein paraply som kom dasande nedetter fonnbreen. Hesten til Andreas vart skremt av denne paraplyen at han byrja å gå bakover. Ei firhjula vogn er ikkje så god å rygge med, og bakenden på trilla fekk ei stygg retning. Droninga som var hestevand, forstod alvoret og treiv taumane frå Andreas. Men i det same huka bakakslingen i ein stabbestein og eine bakhjulet hang ut for vegen ved ein mur i 2-3 meters høgd.

Kongen, som kom like bak, såg alt og var snarrådig. Han hoppa av karjolen og greip tak i beksleringane og fekk hesten og vogna innatt på vegen. Då kongen kom tilbake i karjolen sa han:” Å, jeg blev så syk, så syk.”

 Bakakslingen på trilla hadde vorte så mykje bend at trilla ikkje var køyrande - bakhjula var ut av stilling.

 Dronninga og kronprins Olav måtte over i anna doning på turen attende til Øye-kaia. Stabbesteinane er i dag vekk og vegen er mykje utvida.


Leiv Øye Nordang

 

Lysh

Dette bilete er teke av Knud Knudsen i 1885, altså 21 år før dramatikken i Norangsdalen 1906. I 1890-åra vart det bygd ny veg med ny bru. Uhellet med hesten som vart skremd gjekk før seg like utanfor brukanten til venstre for den gamle Lysholbrua. Restar av denne brua stod så seint som i 1940-åra, men no er alt vekk. Berre Nobba og Staven står der like godt som før.

 


Skriv kommentar:
Tittel:

Kommentar:

Du kan registrere deg som brukar av sidene med å klikke HER.