Hjørundfjord kulturvernlag -> Kulturminne -> Jobrua på Fram-Frøland
Kulturminne
Jobrua på Fram-Frøland
(Lagt inn 10.12.2006 - 15:05 av Ivar Svein Mo
endra 10.12.2006 - 15:47 av Tor Eirik Trandal) Lest 8071 gongar

Kjenner du nokon som kanskje vil interessere seg for dette innlegget?
Tips ein venn om denne artikkelen

0 kommentarar


Froe

Laurdag 25.nov.arrangerte Hjørundfjord kulturvernlag dugnad på den gamle kvelvingbrua som går over

Brattelva mellom dei to Frølandsgardane Ner-Frøland og Fram-Frøland. Brua er bygd i 1892.

Jobrua over Brattelva er markert med raud pil. Jogarden på Fram- Frøland til venstre for pila.Kvistad i forgrunnen.

 


 

Laurdag 25.nov.arrangerte Hjørundfjord kulturvernlag dugnad på den gamle kvelvingbrua som går over Brattelva mellom dei to Frølandsgardane Ner-Frøland og Fram-Frøland. Brua er bygd i 1892. Tradisjonen seier at det var dei som bygde Kvistadbrua i 1891, tok på seg å bygge denne og. Kvistadbrua vart bygd av lokal folk og inneleigd arbeidsbas. Dette var den fyrste brua han var med på å bygge, så han var svært nervøs når forskalinga skulle rivast. Det vart fortalt at når dei skulle rive forskalinga på slike bruer så kom der ein lyd når steinane seig på plass som høyrdes ut som eit svar. Dermed var det tradisjon at når forskalinga skulle rivast så var det ei regle(som vi ikkje hugsar) framført av basen, og dersom ikkje brua svarde så ville ikkje brua stå, men ville rause saman.

Gaml

Kvistadbrua var bygd ferdig i 1891 og er her under riving i 1954, medan dei bygg ny bru. Bru-kvelvingen vart sprengd med ei dynamittladning jonsokdag i 1954.

Hausten 2005 var det ein kraftig flaum som skada brua mellom Fram Frøland og Ner-Frøland og øydelagde kantsteinane, men til all lukke så minka elva nedatt i siste liten, så sjølve kvelvinga i brua vart ikkje skada. Etter at vekta av kantsteinane er vekke så er brua sterkt utsett for å verte lyfta opp av ein ny flaum og med det resultat at brua vil rase saman når den kjem nedatt. I ei slik kvelvingbru finst det ikkje jarn eller sement som held den saman. Kvelvinga er samansett av flate steinar

Arbe

Jobrua er ei kvelvinge bru som vart bygd i 1892. Brua har hatt mindre skader før også. Ein ser skader i oversteinane til venstre der Kjell Frøland stend og spader mold.

som stend på høgkant og vert samanpressa av si eiga tyngd i kvelvingsbogen og dermed held brua seg oppe utan og rase ned. Å bygge ei slik bru er eit tidkrevande arbeid og ei kombinasjon av handverk og ingeniørkunst. Brua var bygd i denne tida dei fleste ikkje greidde å skrive namnet sitt utan med påhalden penn, heilt utan hjelp av eit einaste EU-direktiv å støtte seg til. På mange områder har ikkje verda gått framover når ei ser på eit slikt kulturminne som denne Jobrua er, og som stend i dag som den gjorde for over 114 år sidan.

Jobrua høyrer til Andreas og Anne-Lise Berg Riise som er eigar av Jogarden på fram Frøland. Brua vert til dagleg brukt som gang bru til utmarka for folk og dyr.
Jobr
Brua må renskast for mold og torv før arbeidet kan begynne.F r.v. Kjell Arne, Helge, Per Atle, Kjell, Andreas og Lars Helge

På skade dagen var det eit kraftig regnskyll som gjorde Brattelva til ei stor og farleg elv. Vatnet gjekk over brua og tok med seg nokre av kantsteinaane og begynte å rive på sjølve brua, men før elva greidd å lette brua gjekk vassstanden tilbake og berre etter ei lita stund så begynte brua og svelge vatnet att.

Det er Hjørundfjord kulturvernlag som har teke på seg å søkje Ørsta kommune om såkalte SMIL midlar(Spesielle miljøtiltak i landbruket) for å reperarere dette gamle og verdifulle kulturminne på vegne av Andreas og AnneLise og sonen Lars Helge.

 Flau
Flaumen hausten 2005 var voldsomme og det er eit mirakel at brua ikkje vart øydelagde.

Laurdagen vart gravemaskin innleigd, og styret i laget og naboar møtte for å hjelpe til. Skaden vart utbetra og brua sett i stand att denne dagen, men sidan kulturvernlaget har engasjert seg så vil vi sikre og restaurere brua til den stand ho var opprinneleg og lage til rundt brua til ein trivselplass, og dette arbeidet vert utført i dagane etter dugnadsdagen. To store stabbesteinar markerer brua på kvar side av elva og ein betre og tyngre kant vert opplagt mot straumen på øvstesida, og avlåst med steinheller på brudekkje, for å ta imot vatnet viss det kjem over att. Vatnet får også då moglegheit å kome over på framsida så trykket på brua minkar dersom ein ny storflaum fyller opp bru-kvelvingen.

Arbe
Frå v. Rasmus Mo, Andreas Riise, Kjell Arne Årseth,Kjell Frøland, Per Atle Røe og Helge Nordang nye steinar er komne på plass i brua.

Andreas og Anne Lise er svært tilfreds med at brua no er sikra og Anne Lise kan betru oss med at ho i mange år har verna om brua for ombygging. Det er og har vore behov for å kome seg over elva med traktor og reiskap og brua er ikkje brei nok, så Andreas har nok tenkt for seg sjølv og i høgt at det kunne vere råd å støype eit nytt brudekkje på den eksisterende kvelvingen, men dette har ikkje vore godt motteke av kona og familien. Dei er no samd om at det aller beste er å tenke på ei ny bru og ta vare på dette gamle kulturminne som det står og har vore. Denne tanken var ikkje vanskeleg å få tilslag for i kulturvernlaget og i fellesskap vart det søkt om tilskot til reparasjonen og oppgradering av kulturminne, så det kan verte glede for andre også. Andreas har skaffa til veges nye og nødvendige steinar og gjordt ein stor innsats sjølv.

Anne

Brua er nygrusa og klar for folk og dyr. Anne Lise er storfornøgdmed at brua no er sikra for nye hundere år.

For å vise sin takksemd over hjelpa til å sette i stand brua att, dukka AnneLise opp med kaffi og løfse til arbeidarane på laurdag som det vart sett stor pris på, og er gull vert på ein dugnad.

Anne Lise er ei dame med eit smittande humør, så når mannen køyrde vekk ein fin stor stein som ho hadde verna om i tunet, så var ho på plass og passa på at den vart oppsett på rette sida av elva i allefalle.

Brua
Den nyrestuarerte brua sett frå nedsida . Anne L ise og Sondre Mo på brua.

Anne
Anne Lise på den nyrestaurerte brua ilag med steinen sin somno stend på rettesida av elva. Her skal det innhoggast byggeår (1892) og restuarerings-år (2006)

Ho kom då med denne kommentaren- denne steinen hadde ho tenkt på som eit minnesmerke om seg sjølv, men det er viktigare ein brukar den på brua, skratta ho. Her kan ein plassere opplysningsskilt eller hogge inn dei aktuelle årstala.

Kulturvernlaget sitt styre som var heile dagen på plass med formann Per Atle i spissen, var godt fornøgd med dagen og gler seg over at dei får være med å restaurere eit kulturminne av dette slaget. Vi kjenner ikkje til fleire bruer som er bygd av berre stein ellers i dalen. Der finst ei på Lisje Standal og ei i Norangsfjorden. Brureperasjon er ei ny erfaring for styret og ei problemstilling som kom fram er om vatnet skal renne ned i gjennom brua eller om brudekkje skal tettast med leir. Ho er tett i dag, men Per Atle vil ta kontakt med Arnold Hustad i Vegvesenet og høyre om han har kunskaper her, eller om han kan bruke sitt nettverk for å undersøke det.

Per Atle og resten av styret er glad for at der finst slike folk som Anne Lise og Andreas Riise og ikkje å gløyme sonen Lars Helge, som ser verdien i den gamle brua og vil restaurere den, så dei som kjem etter oss også kan få sjå desse gamle byggverka. Ein veit aldri, men det er utenkeleg at nokon kan gå igong i dag på eit slikt byggverk, for det ville være eit kostbart prosjekt.

Kulturvernlaget er taksam for at vi har fått vore med på dette prosjektet og kan ikkje få fullrost grunneigar Andreas Riise og gravemaskin-førar Rasmus Mo for den flotte insats som her har vore gjordt. Dette arbeidet vil være til glede for bygdefolket og tilreisande i minst hudere år framover.

Per_
Per Atle Røe, Helge Nordang og Kjell Arne Årseth frå styret i Kulturvernlaget var godt nøgde med reperasjonen av brua

Gaml


Gamlestova i Jogarden . Huset er frå 1800 talet og er ei av dei gamle stovene som er att i Bondalen.

Eit anna prosjekt som Anne Lise brenn for er å restaurere gamle stova på garden, men her treng ho hjelp og mykje pengar.

Ivar Svein Mo   Kvistad    4.12.06


Skriv kommentar:
Tittel:

Kommentar:

Du kan registrere deg som brukar av sidene med å klikke HER.