Kulturminne
Postkort ca.1960. er parti frå Leknesdalen i Hjørundfjord
(Lagt inn 12.09.2005 - 00:10 av Ivar Svein Mo
endra 15.12.2005 - 23:59 av Tor Eirik Trandal) Lest 5452 gongar

Kjenner du nokon som kanskje vil interessere seg for dette innlegget?
Tips ein venn om denne artikkelen

0 kommentarar


Motiv_fraa_hjoerundfjorden_ca.1960
Takk for tipset til Alf Kjell Mo på Vartdal.

Felles sætra til Leknes og Urke som er fotografert av ein ukjendt fotograf før krigen.(klikk på bilete for å få full størelse)

Vi har granska forslaget vi fekk frå Alf Kjell Mo på Vartdal og det er ikkje lenger tvil om at dette bilete må være frå Leknesdalen og mot Bondalen. Vi kontakta då selvfølgeleg vår styremedlem Knut Leknes og når han såg på bilete så var all tvil vekk. Dette var selet på fellessætra til Leknes og Urke som besto av berre eit sel på 3x6meter, oppbygt av olivenstein som det er rikeleg av i dalen, der var ikkje fjøs på sætra. Selet hadde 4 sengeplassar som det låg to og to i, når dei sætra. Selet var også utstyrt med fyringsovn og bord. Det stend i dag berre murane att av selet. Knut vonar at einkvan vil setje selet i stand att, så ei gammal kulturhistorie vil være kjend for ettertida.

Bilete er teken av ukjendt fotograf før krigen, og utgjeven som postkort av Eberh.B.Oppi A.S kunstforlag i 50-60åra. Der finst også andre postkort frå sætra som same forlaget har gjeve ut.

Bilde frå Leknesdalen mot Bondalen
Frå Leknesdalen mot Bondalen
Lekneset sætra i Leknesdalen til 1922, men Urke brukte sætra til vårsæter fram til begynnelsen av 50 åra og etter den tid vart dalen teken i bruk til sommarbeite for alvsoksane i Urkebygda og nokre år også for storoksane frå Øye. Om vegen frå Lekneset var bratt og kronglete så er beiteområdet slett og frodigt i den vesle dalen som ligg berre 300m.o.h., og her kom graset tidleg til og gav god avdrott på mjølkekyrne.Sjølvom beiteområde ikkje var stort så greidde dei lettbeinte gråkollene å klivre seg utover hamrane mot Saksa og fekk i seg nok fór til beita i Urkedalen var nok utvaksne og dyra kunne flyttast ditt.Knut fortel at dei mjølka ikkje so godt etter dei kom til Urkedalen, så det tidlege vårgraset hadde mykje næringstoff i seg. Dei måtte gå ekstraturar for å bere mjølka nedatt til Lekneset.

Leknesnakken tok av for den kvassaste synnavinden. I vestkanten av den var det ellers ”vetestad” frå gammalt. På olivenknausane trivst furua, og dette er ein av dei få stadane i fjorden der det veks litt furuskog. Storeinen trivst og nedanfor dalkjeften, så der er funne tre på meteren i kringmål, i brysthøgde. Oppgjennom bergsida synnafor Leknesnakken finst ein sjeldan gjest. Det er viltveksande eik, den einaste ”eikeskogen” i Hjørundfjorden.

Kulturvernlaget vil oppmode alle som er interessert i sætring i Hjørundfjorden å lese årskrift nr.5 – år 1983 til Hjørundfjord Sogelag, der ein kan få ta del i sætrestellet som var allment før krigen over store delar av Europa. I årsskrift nr.26 – år 2004, vil ein også kunne lese om Leknesdalen og fellessætra og ein interessant artikkel om bjørnehiet i dalen. Forfatteren er Per Urke.

Hjørundfjord kulturvernlag og Hjørundfjord Sogelag  oppmoder alle som har ei god historie frå sætrelivet å skrive den ned og sende den til eit av laga. Gode forteljingar er  aktuelt til den årlege årsskrifta som Sogelaget gjev ut.Bilete av bygningar og kulturminne er  interesse for kulturvernlaget og vert registrert og lagt ut her på vår side. Laga samarbeider og utfyller kvarandre, så ta kontakt med det laget som høver best.

Du finn oss på Hjørundfjordsida som har denne fellesadressa: www.hjorundfjord.no  , enkelte nettlesarar kan bruke ø istadenfor o,  i webadressa.

 

Ivar Svein Mo

Kvistad 11.09.05



Tips ein venn om denne artikkelen