Hjørundfjord kulturvernlag -> Arrangement -> Kulturvandring på Stenes.
Arrangement

Kulturvandring på Stenes.
(Lagt inn 12.08.2007 - 22:28 av Ivar Svein Mo
endra 13.08.2007 - 09:06 av Ivar Svein Mo) Lest 6191 gongar

Kjenner du nokon som kanskje vil interessere seg for dette innlegget?
Tips ein venn om denne artikkelen

0 kommentarar


Nora

Den årlege kulturvandringa til Hjørundfjord Sogelag og Hjørundfjord kulturvernlag vert gjennomført søndag 18.august 2007 ......


No når Naturfestivalen er vel over, med mange flotte arrangement, er det den årlege kulturvandringa som står for tur. Dei siste om lag 10 åra har siste søndag før skulestart vore fast . Kulturvernlaget og Hjørundfjord sogelag har samarbeidd og alternert om å skipe til, og i år er det sogelaget som står som arrangør.
I år er det søndag 19. august som er dagen, og vi møtest på Stenes. Det er ein spennande plass, som kan hende ikkje så mange har vitja før. No er sjansen der, og eg vonar mange vil møte opp. John Stennes, som er fødd pa ein av dei to gardane der, vil fortelje litt om gardane.

Img_
John Stennes vil fortelje om gardane på Stenes

Stenes
Kulturvandring vil vere i år her på Stenes i Norangsfjorden

Det vert sett opp skyssbåt frå Bjørke og vidare utover, om Sæbø og Lekneset.

I år gjer vi ein vri på den felles matykta, vi tek kvar med niste og «nogo attåt». Det plar alltid vere godt ver på desse vandringane, vert det sagt, så vi vonar det slår til i år og.
På Urke arrangerer dei Heimkomedag laurdag 18. august, så vi har samordna dei to arrangementa slik at dei ikkje kolliderer. Samstundes vonar vi mange vil nytte høvet til å få med seg begge, og ta turen over fjorden til Stenes også. Det er ikkje « gjennomgangstrafikk» på vegen til Stenes, den endar der, så det er sikkert muleg å parkere ein del bilar langs vegen, eller kan hende du kjem med småbåt? Ferja Sæbø - Lekneset er og eit altemativ.

Tidlegare har Hjørundfjordportalen skreve ein artikkel om "Mjølkehenting på Stenes" som du kan lese.

Programmet søndag 19.august:

 

Kl.11.00 Friluftsgudsteneste

Vandring på Stenes

Hjørundfjordkvintetten vil være med.


Skyssbåten MS Hjørundfjord vil går frå Bjørke kl.10.00, om Leira, Viddal, Sæbø og Leknes.


Retur frå Leknes kl.14.00.


Kr.50,-per person

 

Velkomne og vel møtt.


Kari Årsnes,
leiar Hjørundfjord sogelag


Skriv kommentar:
Tittel:

Kommentar:

Du kan registrere deg som brukar av sidene med å klikke HER.