Hovudside

Hjørundfjorden 2.pinsedag 2002

Fotograf: Ivar Svein Mo

Eit nydeleg bilete av Hjørundfjorden
   (Trykk for å forstørre bilete)

Hjørundfjord kulturvernlag vart stifta 01.11.1996 og fylgjande formålsparagraf vart vedteke:

Hjørundfjord kulturvernlag vil verne om kulturminne og tradisjonar i tidlegare Hjørundfjord kommune.

Laget vil med dugnad, økonomisk bistand frå private og offentlege organ, og i samarbeid med andre lag og organisasjonar, verne om og halde i hevd minne og tradisjonar i området.

Arbeidet femnar ikkje berre om fysiske vernetiltak og restaureringar, men også kartleggingar som gjer minna ”synlege” for både tilreisande og dei som bur her.


Brukar/medlem

Registrer deg gjerne som brukar av sidene for å få tilgong til å leggje inn kommentarar og innlegg.
Dette gjerast med å nytte linken "Ny brukar" på menyen.

Dersom du ynskjer å verte medlem i kulturvernlaget kan du fylle ut skjemaet som ligg under "Medlemsskap". Medlemsskap i kulturvernlaget kostar 100,- per år.

Siste 5 artiklar!

Kulturvandring 2008
Innlagt på arrangement
Lest 1279 gongar, 0 kommentarar

Kulturvandringa i år vert lagt til Skår sundag 17. august. Tidspunkt for oppmøte korresponderar med ferge Standal/Trandal og vidare frå Sæbø (11.30) via Leknes til Skår. Retur vert ordna med Hjørundfjord. Meir om programmet kjem seinare.

Les meir >>

Årsmelding for Hjørundfjord kulturvernlag 2007
Innlagt på Styret/Arsmeldingar
Lest 975 gongar, 0 kommentarar

Les meir >>

Årsmøte i Hjørundfjord Kulturvernlag.
Innlagt på publikasjoner
Lest 1204 gongar, 0 kommentarar

Fyrstkomande sundag  27.4.08 kl.15.00 vert det årsmøte i Hjørundfjord Kulturvernlag. Dette vert lagt til Bjørke, sidan det er i dette området laget har konsentrert seg om restaureringsoppgåver dei siste åra.Notanaustet 08

Les meir >>

Årsmelding for Hjørundfjord kulturvernlag 2006
Innlagt på Styret/Arsmeldingar
Lest 1711 gongar, 0 kommentarar

Les meir >>

Kulturvandring på Stenes.
Innlagt på arrangement
Lest 2165 gongar, 0 kommentarar

Nora

Den årlege kulturvandringa til Hjørundfjord Sogelag og Hjørundfjord kulturvernlag vert gjennomført søndag 18.august 2007 ......

Les meir >>

Rapportering av feil på sida