I år som åra før kjem Urke gartneri og Årsetøy med eit utval av flotte planter. Dei har stand på parkeringsplassen utanfor bedehuset. I år vil også gravferdsbyrået vere representert og gi råd og vegleiing om det som har med graver og gravsteinar og planting. På bedehuset vert det salg av kaffi, smørbrød og kaker. I cafeen kan ein betale med Vipps. Det er høve til å sitte ute om veret er godt. Kl 13.00  kjem Espen Aarseth og held andakt inne i kyrkja. Den vil vere open frå 11-15 og det er høve å tende lys og ha ei stille stund.

Så ta turen til Sæbø denne laurdagen. Utover plantesal og cafe er det loppemarked i sentrum frå 11-14 og Nilsbuda har opning for sesongen.11-16.00. Galleri Taklo har også ope. Velkomne frå fjærn og nær.