Her kjem resultatet (top 10) for Sæbø-meisterskapen i Quiz 2018. Det har sjølvsagt vore fleire lag, men dette er dei med mest poeng totalt. 
Tusen takk til alle deltagarar og publikum, og Sagafjord Hotell. Saman er vi med på å halde heilårsamfunnet på Sæbø levande og vitalt også i dei mørke månadene. Frå januar til april har quizen samla ulike folk frå Sæbø og Bondalen, men også Ørsta, Volda og andre plassar. Antall deltagarar har vore høgt, omlag 70-80 stk kvar gong. I finalen var det 14 lag med. Saman skapar vi ein uteplass der stemninga er på topp, og fokus er  både hygge og konkurranse. Alle betaler inn ein liten sum, som igjen går til premier frå lokale bedrifter. 

Det vart ein utruleg spennande finale, der traverlaget Gnarls Barkley tok innersvingen på Pride and sail på målstreken. Hjartet i halsen! Dritten i midten blei vårens siste Lucky loser, det var vel fortjent!

Om konseptet framleis er populært blir det quiz også i framtida!

1. Gnarls barkley - 179
2. Pride and sail - 178
3. Dei slakkaste med eitesflått - 153 
4. Pontius og pilatane - 152 
5. Frøland/Strandmann/Tvergrov - 150 
6. Børs Cafe - 144 
7. Smurfane - 143
8. Dritten i midten -135 
9. Noviak - 128
10. Maradalsgjengen - 87 poeng

Alle foto: Michael Storebø 

Spenning før finalen....

Sæbømeisterskapen i quiz 2018 2

Av og til må spørsmåla presiseres! Sæbømeisterskapen i quiz 2018 3

 Alex finn fram kven som blir Lucky loser..... Sæbømeisterskapen i quiz 2018 4

...............og Dalana og co vann 300 kr på Strand Bakeri Sæbømeisterskapen i quiz 2018 5

Vinnarlager Gnarls Barkley!

Sæbømeisterskapen i quiz 2018 7