Dalius og Birger med breiflabben
Dalius og Birger viser fram storfangsten (Foto: Ingeborg Bjørdal Standal)

Laurdags morgon tok Birger Egil Standal og Dalius Lemantauskas frå Litauen båten ut for å drage garnet dei hadde sett ut dagen før på Store-Standal i Hjørundfjorden.

Stor vart overraskinga når dette flotte eksemplaret av ein breiflabb kom til overflata.

Birger hadde heldigvis utstyret i orden, så med ein god båt med garnhalar gjekk det fint å få den opp sjølv om dette beistet vog heile 30 kg(!)

Likevel er dette langt frå verdsrekorden på 115 kg som Frank Rune Kopperud fra Kvinnherad tok i 2012.

Kona til Birger, Ingeborg Bjørdal Standal har allereie planane klare.  Av breiflabben vart det to flotte filear som blir til middag i morgon.

Breiflabben til Birger

Vaksen størrelse på denne breiflabben her. (Foto: Ingeborg Bjørdal Standal)

Breiflabb i trillebår

Trillebåra måtte leitast fram for å frakte fangsten i hus. (Foto: Ingeborg Bjørdal Standal)

Dalius med 500 kg fisk

(Foto: Ingeborg Bjørdal Standal)

Birger og Dalius er ivrige fiskarar og har også tidligare gjort storfangst.

Her har dei nettopp drege 500kg med sild opp frå havet. Ein storjobb med å få alle desse ut av garnet.

For dei spesielt interesserte kan ein lese meir om breiflabb på Wikipedia