(Foto: Knut Hustad)

Sundag 22.april vert det årsmøte i Hjørundfjord kulturvernlag på Dampskipsekspedisjonen i gamle kommunehuset på Sæbø.

Det vert eit kort årsmøte innleiingsvis, alle i styret held fram, det gir rom for eit fagleg innslag på årsmøtet som mange vil finne interessant.

Styrar på Herøy kystmuseum vil vitje årsmøtet. Han har med sjølvbygd færing av den opphavelege sunnmørstypen ”snidbetning”.  Han vil fortelje om denne båttypen, kvar opphavet er, kva eigenskapar båten har og mykje meir. Dette vil fengje alle som har interesse av båt.

Hjørundfjord kulturvernlag held no på med eit stort prosjekt. Stavset internatskule på Stavset på Hjørundfjordstranda. Det arbeidet vil ta lang tid. Det er mykje arbeid og store pengesummar som skal skaffast.

Laget har sidan oppstart i 1996 vore delaktige eller heilt ansvarlege for mange prosjekt.  Ein kan ta fram Stavbergsetra i Norangsdalen, Notanaustet på Bjørke, vassag på Skjåstaddalen, Bakketunet på Bjørke som dei store prosjekta.


Elles kan vi nemne kylne på Mo i Bondalen,  kvelingsbru, kvernhus, skogaløde. I Kvistaddalen har Ellingsgardfjøsen vorte ei perle av ei grindeløde som skal verte eit lite informasjonssenter for turfolk og andre. I tillegg arrangerer Kulturvenlaget kulturvandringar ilag med Hjørundfjord sogelag annan kvart år kvar. No sist år gjekk turen til Molaupen då som del av Naturfestivalen i Ørsta / Volda.

Laget vert drive heilt på frivillig basis. Alle midlar ein greier å skaffe går til prosjekta.
Styret i Hjørundfjord kulturvernlag ynskjer alle velkomne til ei kjekk stund på Dampen på Sæbø frå denne sundagen. Det er sett opp båt frå Bjørke ein halvtime før møtestart.  Vi spanderer kaffi og noko attåt. Loddsal for å dekkje utgiftene.

Synnøve Rekkedal Hill
-styreleiar Hjørundfjord kulturvernlag-