19.3
Øye og Nordang, veldrivne gardar i Norangsdalen

Nei, dette vert nok ikkje dress- og slipsmøte, men medlemsmøte vert det i Hjørundfjord bondelag onsdag 7. februar klokka ca 20 på Bondalen grendahus.  Treng du båtskyss frå Lekneset, ta kontakt med underteikna på tlf. 920 39767.

Den prominente gjeste vår denne kvelden vert ein av veterinærane våre, Olav Hauso.  Hauso kjem ca. klokka 2030.  Han kan svare på det meste om dyrehelse, men det vi har bede han snakke om denne kvelden er virussjukdomar på storfe - også BRSV og BCoV.  I tillegg vil han snakke om "nye" klauvsjukdomar som kan dukke opp også hos ss.

I tillegg vil vi i styret be om gode råd om årets jordbruksforhandlingar og kanskje vil vi også kome innom nye flaumkart som kan avgrense byggeaktiviteten, ikkje minst på Sæbø, om ikkje Ørsta kommune får gjort eit kvart.

Dette vert eit uformelt møte der prat og diskusjon er viktigast.  Difor vert det sjølvsagt også kaffi og noko å bite i.

Vel møtt til alle medlemar.  Det er også høve til å teikne medlemskap i døra.

Styret.