Hjørundfjordportalen » Lokalt » Medlemsmøte i Hjørundfjord bondelag

 

Aktivitetskalender
Bildegalleri
Forum
Gjestebok (I går)
Søk


Annonser

Annonse

Annonse

Annonse

Annonse

Medlemsmøte i Hjørundfjord bondelag

Medlemsmøte i Hjørundfjord bondelag på Bondalen grendahus onsdag 7. februar ca. klokka 2000. Og sjølvsagt får vi storfint besøk...

19.3
Øye og Nordang, veldrivne gardar i Norangsdalen

Nei, dette vert nok ikkje dress- og slipsmøte, men medlemsmøte vert det i Hjørundfjord bondelag onsdag 7. februar klokka ca 20 på Bondalen grendahus.  Treng du båtskyss frå Lekneset, ta kontakt med underteikna på tlf. 920 39767.

Den prominente gjeste vår denne kvelden vert ein av veterinærane våre, Olav Hauso.  Hauso kjem ca. klokka 2030.  Han kan svare på det meste om dyrehelse, men det vi har bede han snakke om denne kvelden er virussjukdomar på storfe - også BRSV og BCoV.  I tillegg vil han snakke om "nye" klauvsjukdomar som kan dukke opp også hos ss.

I tillegg vil vi i styret be om gode råd om årets jordbruksforhandlingar og kanskje vil vi også kome innom nye flaumkart som kan avgrense byggeaktiviteten, ikkje minst på Sæbø, om ikkje Ørsta kommune får gjort eit kvart.

Dette vert eit uformelt møte der prat og diskusjon er viktigast.  Difor vert det sjølvsagt også kaffi og noko å bite i.

Vel møtt til alle medlemar.  Det er også høve til å teikne medlemskap i døra.

Styret.

Lagt inn av
05.02.2018 21:52

Skriv kommentar:

Tittel:

Kommentar:

Du kan registrere deg som brukar av portalen med å klikke her.

Stikkord

Stikkord gjer det lettare å finne fram til stoff som er i ditt interesseområde. Du kan trykkje på eit stikkord for å få fram innlegg som liknar på dette.

Sponsorar

Annonse

Annonse

Annonse

Aktivitetskalender

21.feb.
(Gymsalen sæbø)
26.feb.
(Gymsalen sæbø)
27.feb.
(Gymsalen, Sæbø skule)
28.feb.
(Gymsalen sæbø)
3.mars
(Grendahuset)
4.mars
(Sæbø bedehus)
(Hjørundfjord kyrkje)
5.mars
(Gymsalen sæbø)
6.mars
(Gymsalen, Sæbø skule)

Nettstadskart/Sitemap  Kontakt/Contact  RSS  Rapporter feil
Hjørundfjordportalen er laga av Tor Eirik og Håkon Trandal
Statistikk

1055 registrerte brukarar, 0 medlemmar online, 35 gjestar

Flest medlemmar online: 16 stk - 01.10.2009
Flest gjestar samstundes: 421 stk - 01.06.2011

1177 besøk idag.

4046 besøk - 28.06.2016
2735822 besøk og 23094887 visningar totalt