Hjørundfjordportalen » Lokalt » Kulturkafé på bedehuset 4. mars

 

Aktivitetskalender
Bildegalleri
Forum
Gjestebok (I går)
Søk


Annonser

Annonse

Annonse

Annonse

Annonse

Kulturkafé på bedehuset 4. mars

Søndag 4. mars inviterer Sæbø bedehus til kulturkafé.
Hjørundfjord mannskor vil syngje for oss og Kirsten Ose les frå diktsamlinga si.

På Sæbø bedehus er det stor aktivitet, men ikkje så ofte arrangement i regi av foreninga Sæbø bedehus.

Men, søndag 4. mars vert det kulturkafé, der vi får song ved Hjørundfjord mannskor og diktlesing ved Kirsten Ose.

Mannskoret øver på Sæbø bedehus kvar måndag og er eit flott tilskot til kulturlivet på Sæbø. Vi gler oss til å få høyre dei denne søndagen.

Hjørundfjord mannskor

Kirsten Ose er mest kjend som revy-artist i Ørsta, men dikta hennar handlar om kvardagsgleder og dei nære tinga i livet.

Kirsten Ose

Diktsamlinga til Kirsten kan kjøpast denne kvelden.

Ingen kafé utan mat og prat.

Vi vil servere kaker og kaffi og har eit håp om at folk tek seg god tid til å prate denne ettermiddagen. Vi startar kl. 17.00 og held på til kl. 20.00. Då rekk dei som vil å gå over vegen og bort i kyrkja til gudsteneste.

Det vert ein liten sum å betale for å kome på kulturkaféen, men mat og underhalding er inkludert i denne prisen.

Dersom nokon vil hjelpe oss med å bake kaker / bollar og liknande er de fint om dei vil ta kontakt med Aashild Taklo eller Ann Helene Wille.

Billettar kr. 50,- 

Alle er velkomne og her er eigen inngong for rullestol!

Lagt inn av
06.02.2018 19:21

Skriv kommentar:

Tittel:

Kommentar:

Du kan registrere deg som brukar av portalen med å klikke her.

Stikkord

Stikkord gjer det lettare å finne fram til stoff som er i ditt interesseområde. Du kan trykkje på eit stikkord for å få fram innlegg som liknar på dette.

Sponsorar

Annonse

Annonse

Annonse

Aktivitetskalender

21.feb.
(Gymsalen sæbø)
26.feb.
(Gymsalen sæbø)
27.feb.
(Gymsalen, Sæbø skule)
28.feb.
(Gymsalen sæbø)
3.mars
(Grendahuset)
4.mars
(Sæbø bedehus)
(Hjørundfjord kyrkje)
5.mars
(Gymsalen sæbø)
6.mars
(Gymsalen, Sæbø skule)

Nettstadskart/Sitemap  Kontakt/Contact  RSS  Rapporter feil
Hjørundfjordportalen er laga av Tor Eirik og Håkon Trandal
Statistikk

1055 registrerte brukarar, 0 medlemmar online, 32 gjestar

Flest medlemmar online: 16 stk - 01.10.2009
Flest gjestar samstundes: 421 stk - 01.06.2011

1177 besøk idag.

4046 besøk - 28.06.2016
2735822 besøk og 23094894 visningar totalt