Himmelsk pop

(Klikk på plakaten for å lese den i stor størrelse)


                                                      Himmelsk pop med faSong

Songar frå repertoaret til Dolly Parton, U2, Lars Bremnes, Mariah Carey, Whitney Houstonog mange fleire står på programmet når koret faSong innbyd til konsertar med «himmelsk pop». Saman med eit knippe musikarar syng dei i Ivar Aasen-tunet laurdag 10. februar og i
Hjørundfjord kyrkje på Sæbø søndag 11. februar.

– «Himmelsk pop» er eit konsertprogram vi har sett saman av popsongar som har ein tydeleg smak
av himmel, seier dirigent Gaute Øvereng. Alle songane som er plukka ut, er henta frå populære
artistar i ulike sjangrar frå seks ulike tiår, frå Billy Preston i 1969, produsert av George Harrison, og
fram til Marthe Valle i 2017.

Brorparten av songane er i utgangspunktet på engelsk, men faSong har no fått fleire av dei omsette
til nynorsk for første gong. Omsetjingane er det Adreas Bjåstad og Gaute Øvereng som står for.
Publikum får høyre songar frå mellom andre Bette Midler og Mr. Mister, og Whitney Houston og
Mariah Carey sin duett When you believe frå animasjonsfilmen «The Prince of Egypt», på nynorsk.

faSong får stødig tonefølgje av musikarane Fernando Pineda Lopez (sax), Geir Helge Ådneram (piano), Knut Hunnes (bass), Peder Sefland (perkusjon) og Per Arne Brandal (gitar).

faSong-2018-foto Åge Andre Breivik