Hjørundfjordportalen » Lokalt » Bruk aktivitetskalendaren!

 

Aktivitetskalender
Bildegalleri
Forum
Gjestebok (I går)
Søk


Annonser

Annonse

Annonse

Annonse

Annonse

Bruk aktivitetskalendaren!

På Sæbø og i Hjørundfjorden er det høg aktivitet. Kreativiteten er stor og det er mange som vil vere med på mykje.
Men det er viktig at vi ikkje "slår kvarandre i hjel" og det er kjekt å få vite kva som skjer.
Planlegg du ein aktivitet eller eit arrangement?
Sjekk i aktivitetskalendaren her på Hjørundfjordportalen om dagen / tida er opptatt.
Legg ditt arrangement inn i aktivitetskalenderen snarast råd, så ser andre kva planar som finst for dagen.

På Sæbø og i Hjørundfjorden skjer det utruleg mykje postitivt for tida og vi er mange som vil vere med og støtte opp om aktivitetane.

Dei fleste har ein aktivitet eller eit lag dei likar og vil ta del i. Andre vil prøve noko nytt.

Folkemengde

Ikkje alle er på Facebook og på FB er det ikkje så lett å halde oversikta over det som skjer.

Heller ikkje alle er på Sæbø så ofte at dei får med seg prat om komande hendingar.

Om vi alle vert flinkare til å bruke aktivitetskalendaren i høgre margen her, vil det vere lettare å planleggje og vi vil lettare få folk til å ta del i arrangementa / aktivitetane våre.

Dette er ikkje meint som kritikk, men det er til dømes unødvendig å planlegge to ungdomsarrangement same dagen og så må ein av arrangørane bruke tid på å bytte dag. Det er kjedelig for nokre at det er strikkekafé og trim på same tid. Talet på deltakerar kunne kan hende vore høgare på begge om tidspunkta ikkje kolliderte. Det ville vere kjedelig om nokon no planlegg eit arrangement på Sæbø 11. mai. Då er det stordans, men det står ikkje her i aktivitetskalendaren.

Dei fleste veit nok akkurat det, men det er lett å tru at det ein sjølv held på med det må no vel alle andre og vite om, eller...?

Hjørundfjord kyrkje

Bruk kalendaren, så unngår vi kollisjonar og fleire får ta del i det som skjer i denne flotte fjorden vår!

Lagt inn av
13.02.2018 12:18

Skriv kommentar:

Tittel:

Kommentar:

Du kan registrere deg som brukar av portalen med å klikke her.

Stikkord

Stikkord gjer det lettare å finne fram til stoff som er i ditt interesseområde. Du kan trykkje på eit stikkord for å få fram innlegg som liknar på dette.

Sponsorar

Annonse

Annonse

Annonse

Aktivitetskalender

21.feb.
(Gymsalen sæbø)
26.feb.
(Gymsalen sæbø)
27.feb.
(Gymsalen, Sæbø skule)
28.feb.
(Gymsalen sæbø)
3.mars
(Grendahuset)
4.mars
(Sæbø bedehus)
(Hjørundfjord kyrkje)
5.mars
(Gymsalen sæbø)
6.mars
(Gymsalen, Sæbø skule)

Nettstadskart/Sitemap  Kontakt/Contact  RSS  Rapporter feil
Hjørundfjordportalen er laga av Tor Eirik og Håkon Trandal
Statistikk

1055 registrerte brukarar, 0 medlemmar online, 33 gjestar

Flest medlemmar online: 16 stk - 01.10.2009
Flest gjestar samstundes: 421 stk - 01.06.2011

1177 besøk idag.

4046 besøk - 28.06.2016
2735822 besøk og 23094879 visningar totalt