ÅRSMELDING FOR SÆBØ BEDEHUS 2017.

 

Årsmøte for 2017 vart halde tysdag  21 februar 2017 i kjellarstova på bedehuset. Ann Helene ønskte velkommen og leste eit stykke.

Rekneskapen var revidert og vart godkjend. Saldo synte 290 000 kr på konto.

Kari Stokke la fram korleis det nye styret ville tenkje om å overføre eigarforholdet frå dei 4 misjonsorganisasjonane til eit nytt bedehusstyre som er organisert som ei stifting eller forening. Det nye styret synest det er vigtig å få fram at all aktivitet som er knytta til Hjørundfjord kyrkje får bruke huset. At huset vert som eit kyrkjelydshus. Samtidig vil vi opne opp for at alle mulige andre også kan bruke huset, med begrensing med tanke på alkoholservering.

For å dekkje straum ynskjer styret at dei som brukar huset fast betaler 1000 kr i halvåret. ( Mannskoret, strikkecafeen og filmteateret.)

Når det gjeld vidare tankar og iverksetting av oppussing av bedehuset vart det vedteke at det vert sett på vent til nytt eigarstyre er på plass.

Lisbet leste opp årsmeldinga for 2016

 

Styret 2017

Leiar : Ann Helene Wille

Nestleiar: Åshild Taklo

Skrivar: Lisbet Vatne Nielsen

Kasserar: Knut Stokke

Medlemmer: Kari Stokke, Jørund Aklestad

1 vara: Haldis Fiskå Mo

Revisor: Jon Urkegjerde

 

Møteaktivitet

Styret har halde 7 styremøter i 2016. Det nye styret har dette året fått formalitetane i orden og styret eig no bedehuset som ei foreining. Mykje arbeid spesielt frå Kari Stokke si side har også i år vorte lagt ned for å få stiftelsen på plass.  Ei anna sak som er under utarbeiding er nye vedtekter og husreglar. Elles har møta handla om vedlikehald , og å planlegge all den gode aktiviteten som bedehuset rommar.

 

Aktivitetar

 

Kreativ kveld 25 mars.

Manuela Ritter og Lisbet Vatne Nielsen arrangerte ein koseleg laurdagskveld der  hadde  12 damer meldt seg på for å lære å lage kransar av bjørk og så pynte dei i temaet vår / påske. I tillegg vart det servert forfriskningar. Ein dessert, tyske påskekjeks og velkomstdrink.

 

Påskecafe 13 april.                                                                    

Også i år vart det arrangert påskecafe. Menyen var potetball og kakebord. Mange var i aksjon for å få denne cafeen gjennomført. Mykje folk var innom å kjøpte seg mat og kosa seg. 

 

Dugnad  22 april

Før huset skulle verte leigd ut til fleire konfirmasjonar var det vigtig å få vaska  Der var ein liten gjeng som møtte og gjorde det slik at huset vart presentabelt. I kjøkenet vart skap og skuffer vaska. Peisestova vart støvsuga, og taklistene vart reine.  Storesalen og lillesalen vart vaska grundig. Vindua utvendig vart vaska. Margareta og Aashild har bona golva i storesalen og lillesalen.

 

Plantedag 27 mai.

Plantedagen vart også i år sett til ein laurdag, og i år var det også opningsdagen for Nilsbuda. Bakeriet heldt også ope så det var mykje som skjedde i bygda. Urke gartneri og og Aarsetøy stod for sal av blomster. Der vart servert smørbrød og kaker.  I kyrkja var det ope for folk som ville gå inn og nyte vakker musikk og ta tid til ei stille stund og tende eit lys.

 

 

Jonsokafta sal av graut / vaffler                                                                 

På Kapteinkvia vart det rigga opp  for sal av rjømegraut og vaffler til inntekt for bedehuset. Det var surt og kaldt ver denne dagen og vi løyvde ein god del graut.

 

I år var det ikkje loppemarknad på bedehuset.

 

 Haustfest 1 oktober

Det var tanken å halde ein haustfest på bedehuset i staden for basaren. Men på grunn av sjukdom fall mykje av programmet vekk og det vart beslutta å ta den att på nyåret 2018.

 

Møte

I november var det møte i kjellarstova med Ann Merete Breivik.

 

Sycafe.

Ein laurdag vart det arrangert sycafe der ein kunne ta med si eiga symaskin og sitte å sy ilag, utveksle idear og erfaringar , nyte ein kopp kaffi/te og medbrakt niste. 8 damer møtte til dette arrangenetet.

 

Julemesse 26 november.

Julemessa vart også i år eit vellukka arrangement. Utstillarplassane var fullbooka. I kjellarstova var det cafe. Det vart selt karbonadesmørbrød og kaker.

Loddsal og gevinstar frå kvar stand var det også . Ein god del folk var innom.

 

Juletrefest 28 desember.

Juletreet kom i år frå Hustadneset. Programmet bestod av song av Hjørundfjord mannskor,  musikkinslag av Torine Lillebø. Regine Aklestad leste juleevangeliet og Ruth Eva Solli, sokneprest på Vartdal heldt ei kort andakt. Nesten fult hus var det i år,  og nissen delte ut 43 godteposar denne kvelden til borna. Etter juletregangen var det matykt i kjellarstova.

 

Strikkecafeen

Der har vore godt gong i strikkecafeen dette året også. Omlag 20 damer møtest kvar onsdag i kjellarstova. Det går på omgang kven som steller i stand. Damene på strikkecafeen er uvurderlige, og har støtta elles det som skjer på bedehuset med kaker, hjelp til sal, og gevinstar.

 

Hjørundfjord Filmteateret

Filmteateret har hatt ein god sesong og hatt filmframvisning ein søndag / torsdag i månaden i vinter, haust og vår parten. Vi er glade og takknemlige for at desse eldsjelene vil bruke bedehuset til dette føremålet .       

 

Barnekoret

Ca 20 born har møtt til korøving annan kvar torsdag dette året. Dirigent har vore Marie Austerheim Riise. Kjekt at så mange born møter og det er både gutar og jenter frå 1 -6 klasse. Barnekoret har opptrådt på familiegudstenester og Hjørundfjorddagen i 2017. I juni 17 heldt dei konsert på bedehuset for foreldre og slektningar.

 

Hjørundfjord mannskor

Kvar måndag har mannskoret hatt korøving i storesalen på bedehuset. Dirrigent er Janine Berg og koret har ca 20 medlemmer.  Dei har opptredd på 17 mai festen på skulen, haeldt 12 konsert i Volda kyrkje og sunge på Vi syng og spelar jula inn i kyrkja. Eit flott kulturtilskot i bgda vår.        

 

Utleige

Bedehuset har vorte flittig brukt og leigd ut i 2017. Dette er ei god inntekt for huset og drifta. Huset har i 2017 vorte leigd ut til : Minnesamvær, barnedåp og konfirmasjonar, High camp, tyske sommargjestar på loftet og  Nordfjord folkehøgskulen.

 

Investeringar

3 sofa og 2 bord i lisjesalen. Skap til oppbevaring av lydutstyr.

 

 

Prosjektmidlar

Det vart søkt om midlar frå Hjørundfjordfondet til å kjøpe nye bord. Vi fekk 50 000 kr.

 

 

Vedlikehald

Eletrikar har vore å lagt opp straum til vaskemaskin.

 

 Til slutt

Vi i styret for bedehuset ser tilbake på eit år med mykje god aktivitet som vi vonar er med på å styrkje samhaldet i Hjørundfjorden, og at folk kjenner at her er det godt å vere. I tillegg har vi gjennom utleige og inntekter på matsal fått inn ein god slump pengar slik at vi kan få halde huset ved like slik at det framleis vil framstå som eit moderne hus.

Vi vil nytte anledninga til å takke alle som har hjelpt til i 2017.

 

På vegne av styret for Sæbø bedehus:

Skrivar, Lisbet Vatne Nielsen