Hjørundfjordportalen » Lokalt » Januarprogrammet på Hjørundfjord Filmteater!

 

Aktivitetskalender
Bildegalleri
Forum
Gjestebok
Søk


Annonser

Annonse

Annonse

Annonse

Januarprogrammet på Hjørundfjord Filmteater!

To nordiske filmar i JANUAR: Barnas favorittkvist får seg kjærast, og sterkt dansk krigsdrama på filmklubben!

Vi startar med to nordiske filmar! 

Fyrst skal vi få eit gjensyn med Knerten, vi har tidligare vist den fyrste Knerten-filmen, her kjem nummer to - KNERTEN GIFTER SEG. Her treffer han Karoline - ein bjørkekvist som vippar han nesten av pinnen. Slike damer veks ikkje på tre! Men det blir også spenning der Lillebror må fange ein tjuv! Filmen er tilleten for alle, og visast søndag 14.01 kl 17.00.  

Knerten-gifter-seg-bilde-1

Copyright: Nordisk film

Klokka 19.30 same dag skal vi sjå UNDER SANDEN, eit dansk krigsdrama frå 2015. Filmen vann mange prisar og var ein stor suksess i Danmark blant kritikarar og publikum. Tyske krigsfangar, som viser seg å vere berre ungdommen, må under ein streng dansk kommandant desarmere miner langs Jyllandskysten. Eit svært farefullt oppdrag. Filmen anbefalast alle vaksne, og er eit sterkt menneskeleg drama om medkjensle, moral og samhald.  Verkeleg ein av dei beste nordiske filmane på lenge! 

under-sandet

Copyright: Nordisk film. 

Lagt inn av
07.01.2018 18:48

Skriv kommentar:

Tittel:

Kommentar:

Du kan registrere deg som brukar av portalen med å klikke her.

Stikkord

Stikkord gjer det lettare å finne fram til stoff som er i ditt interesseområde. Du kan trykkje på eit stikkord for å få fram innlegg som liknar på dette.

Sponsorar

Annonse

Annonse

Annonse

Aktivitetskalender

17.jan.
(Gymsalen sæbø)
22.jan.
(Gymsalen sæbø)
24.jan.
(Gymsalen sæbø)
28.jan.
(Hjørundfjord kyrkje)
29.jan.
(Gymsalen sæbø)

Nettstadskart/Sitemap  Kontakt/Contact  RSS  Rapporter feil
Hjørundfjordportalen er laga av Tor Eirik og Håkon Trandal
Statistikk

1050 registrerte brukarar, 0 medlemmar online, 29 gjestar

Flest medlemmar online: 16 stk - 01.10.2009
Flest gjestar samstundes: 421 stk - 01.06.2011

170 besøk idag.

4046 besøk - 28.06.2016
2706661 besøk og 22883118 visningar totalt