Eg har høyrdt at den skulle ha teke støylen julenatta i 1917. Korleis dei kunne tru det, veit eg ikkje, men eg har studert dagboka til Johan Br. Kvistad som er gjengitt i Frå Hjørundfjord nr 14 og 16, og har vorte i tvil om det kunne vere rett.

Minnepenn 249

Risestøylen i 1962. Då stod det meste av fjøsane. Foto: Hallkjell Buset

IMG_3813

Slik såg dei attståande fjøsane ut på 1960 talet. Oskar Sæbø, som var den som heldt ut lengst med sætring, i framgrunnen. (Eg trur at han slutta sætringa i 1952). Dei øvrige slutta i 1951. Foto: Edvin Riise

Sitat frå dagboka. 

1917. I jola var det eit fælt ver. 1. joledag låg me heime på garden. Snøen er over 2 alne, (over 120 cm). ,so er det storm og snøfok. Sia he det vore ein dag regn og ein dag snøv, men alltid storm.

Eg er sikker på at ingen var innpå setra og såg i dette veret. Dei hadde nok med å gå hus imellom. Og når han Hole Johan ikkje ein gong var i kyrkja 1. juledag, var det nok ingen som anka på setrane.Men etter nyttår skulle det slett ikkje verte betre. Johan melder stort sett om meir snø.

10. jan: Snøkave. Snøen er 3 alne på flat mark( 180 cm)

Sundag den 13. jan: Bra ver, men lite folk med kyrkja. Det er svært fårleg for fonn.

14. jan: I natt hev det vore ein forrykande snøstorm att,  so alle vegar er attfokne.

16. jan : I dag hev det snøva att.

17. jan: Snøver heile dagen. Um kvelden vart ein forfælande snøstorm att som fylte att alle vegar.

18. jan: Snøv, snøv.

Men den 19. står det: I dag er det opphaldsver. Snøven ligg no jamt med mange hustak.

Søndag 20. jan: Mildver. Aarsetfonna gjeng fælt. Fonna velte overende Bakkeskogaløda og reiste med Ellingsskogaløda oppå Vaskersletta. Ho gjekk mest oppunder Leitura.

Pe-Knut og Larsa-Ole var i alle høve inn og såg på tilstanden utpå vinteren på avrongen, (gjennomfrosen snø). Berre Pe-fjøsen stod att. Og så vart det å planlegge korleis ein skulle få setra i stand til sommaren.( Det vart forøvrig ein bra tidleg vår, for synnavinden bles både lenge og vel då det endeleg snudde.)

Sela, som var lafta, var ikkje meir sundbrotne enn at dei sanka ihop og brukte det meste oppatt. Ein kan sjå på selet vårt at der er nokre brestar i timbra. Verre var det nok med fjøsane som var grindbygg og meir knuste. 

Dei som var på setra og bygde oppatt, laga seg til og budde i Pefjøsen. Men Pefolket leigde inn B.O. Wille. Og han godtok ikkje å bu i fjøs, så han budde på Lissjevasshaugen i ei av hyttene der.

Det vart bygd oppatt der dei stod frå før. Men i 1970 var det like før at det gjekk gale att. Men fonna stoppa på vegen, nokre skritt før det traff sela.

I 2009 vart fonnforbygging for Risestøylen ferdigstilt, så no skal Risestøylen vere trygg for snøfonn.

IMG_3846

Foto frå 28. feb. 2016. Pålselet, lengst til venstre vart  bygd på 1930 talet. Men dei 6 andre sela og fjøsane,( utanom Pefjøsen, der hytta til Bente og Marit står i dag), vart tekne av fonna i 1918.