FEBRUARPROGRAMMET på Hjørundfjord Filmteater!

Denne månaden er det to filmar på programmet, og begge to av tidenes beste amerikanske filmar!

Fyrst er det filmhistorie på Filmsalongen med Alfred Hitchcocks NORTH BY NORTHWEST frå 1959, denne visast torsdag 08.02 kl 19.30. Det vil vere ei innleing om korleis filmen har inspirert den moderne actionfilmen, og vert rekna som “den fyrste James Bond”.  

I filmen møter vi ein reklamemann blir tatt for å vere ein hemmeleg agent, samt mistenkt for mord! Plutseleg har han både skumle forbryterbandar og FBI etter seg gjennom USA.

Eit fyrverkeri av ein film - ein thriller, men med mykje humor, romantikk og action! Noko betre underhaldning ein torsdagskveld skal du leite lenge etter! Sjå eiga hending: https://www.facebook.com/events/332185613947749/

februarprogram 2

Copyright: Filmbank International 

Dagen etter, fredag 09.02 har ungdommen i bygda si eiga framsyning med filmen FRIHETENS REGN frå 1994. Ungdommen i bygda har sjølv valt filmen, og har von om at det kjem flest mogeleg!  Vi har satt aldersgrense til 12 år. Filmen er av mange rekna som ein av tidenes beste Hollywood-filmar. Historia om Andy og dei andre fengselsfangane er svært rørande, spennende og djupt menneskeleg. Ein film som rørar noko spesielt i dei fleste av oss. Visast kl 19.30, kiosken er open! Sjå eiga hending: https://www.facebook.com/events/1548630495190220/

februarprogram

Copyright: Atlantic film