Hjørundfjord mannskor starta januar 2017 og har hatt fast øving kvar uke, både vår og haust, på Bedehuset. Totalt ca. 20 mannfolk - i alderen 27 til 77. Dirigent Janine Berg har full kontroll på denne gjengen, og har gjort ein utruleg god jobb. Ikkje berre musikalsk, men også ei etter kvart legendarisk fysisk oppvarming.

I april debuterte vi på Hjørundfjordheimen for bebuarar, ansatte og andre besøkande.

17. mai sto var det opptreden i gymsalen foran så godt som heile Sæbø.

I haust har vi hatt ein minikonsert på Urke, og no er vi klare for to konsertar på tampen av året.

Laurdag 25.11 har vi 12-konsert i Volda kyrkje saman med Åmdalskoret berre damer.

Laurdag 16.12 syng vi jula inn i Hjørundfjord kyrkje, saman med andre muskalske krefter i bygda.

Hjørundfjord mannskor er altså i full vigør - og vi har von om at folket i Hjørundfjord kjem på både konsert i Volda og på Sæbø!